Tempus er ein grammatisk kategori som plasserer ei setning i tid, for eksempel i fortid eller notid. Det er svært vanleg at tempus blir uttrykt gjennom bøying av verbet.

Faktaboks

Uttale
tˈempus
Etymologi

latin tempus ‘tid’, fleirtal tempora

Også kjend som

tid

Tempus kan illustrerast med desse norske setningane:

  1. NOTID: Eli leitar etter hunden.
  2. FORTID: Eli leita etter hunden.
  3. FRAMTID: Eli skal leite etter hunden.

Verbforma leitar har tempuset presens eller «notid». Verbforma leita har tempuset preteritum eller «fortid». Den samansette verbforma skal leite har tempuset futurum eller «framtid».

Ytringstidspunktet

Presens, preteritum og futurum er definerte med utgangspunkt i det tidspunktet då ei setning blir ytra.

Dersom vi les «Harald Hårfagre sa 'Eg skal ikkje klyppe håret før heile Noreg er mitt'», så forstår vi at han snakka om eit tidspunkt etter at han sa det – ei framtid for han, sjølv om det for oss er ei fjern fortid.

  • Presens plasserer situasjonen ytringstidspunktet.
  • Preteritum plasserer situasjonen før ytringstidspunktet.
  • Futurum plasserer situasjonen etter ytringstidspunktet.

Tempus i norsk

Norsk – på linje med andre germanske språk – uttrykkjer to tempus med verbbøying:

  • presens (notid): Det står ein friar uti garden.
  • preteritum (fortid): Bønder sine økser brynte hvor en hær drog frem.

Dei norske presensformene kan òg brukast om framtid:

  • Kjæm du i kveld, så står nykkjyl’n i døra.

Strengt teke burde norske «presensformer» kallast ikkje-preteritum. Som vist lenger nede, finst det i nokre språk eigne bøyingsformer av verbet som uttrykkjer futurum (framtid).

Norsk har i tillegg ei rekkje samansette (perifrastiske) futurumformer, mellom anna desse:

  • Eg skal ta meg ein tur til byen i morgon.
  • Det vil bli mykje varmare i åra som kjem.
  • Det kjem til å ta fyr!
  • Eg blir å dra i ettermiddag.

Tempus i nokre andre språk

Tempus blir uttrykt på mange måtar i ulike språk. Somme språk har ikkje tempus i det heile, og andre har veldig detaljerte system.

Mandarin

I mandarin er verbet ubøyeleg, og det er samanhengen som fortel kva tidspunkt handlinga skjer på, som i desse setningane, der verbet 去 'gå, dra av garde' blir brukt om fortid, notid eller framtid, avhengig av kva for tidsuttrykk det står i lag med:

  • Fortid: Wǒmen zuótiān qù sànbù. 我门昨天去散步。
  • 'Vi (wǒmen) gjekk () ein spasertur (sànbù) i går (zuótiān).'
  • Notid: Wǒmen měi tiān qù sànbù. 我门每天去散步。
  • 'Vi (wǒmen) går () ein spasertur (sànbù) kvar dag (měi tiān).'
  • Framtid: Wǒmen míngtiān qù sànbù. 我门明天去散步。
  • 'Vi (wǒmen) skal gå () ein spasertur (sànbù) i morgon (míngtiān).'

Nordsamisk

Nordsamisk – som andre samiske språk og austersjøfinske språk – har eit tempussystem som liknar det germanske, med ei ikkje-preteritumsform (som uttrykkjer presens og futurum) og ei preteritumsform:

  • Preteritum: Álggus Ipmil sivdnidii almmi ja eatnama.
  • 'I opphavet (álggus) skapte (sivdnidii) Gud (Ipmil) himmelen (almmi) og (ja) jorda (eatnama).'
  • Presens med ikkje-preteritum: Olmmoš ii eale dušše láibbiin.
  • 'Mennesket (olmmoš) lever (eale) ikkje (ii) av brød (láibbiin) åleine (dušše 'berre').'
  • Futurum med ikkje-preteritum: Son ássá sin gaskkas.
  • 'Han (son) skal bu (ássá 'bur') hos (gaskkas 'mellom') dei (sin).'

Romanés

Romanes bøyer verbet i tre tempus:

  • Preteritum: dikhlem 'eg såg' (perfektiv); dikhavas 'eg såg' (imperfektiv)
  • Presens: dikhav 'eg ser'
  • Futurum: dikhava 'eg skal sjå'

Latin har akkurat det same systemet, som til dels også har overlevd i dei romanske språka.

Grønlandsk

Grønlandsk skil mellom futurum og ikkje-futurum, slik at futurum blir brukt om framtida, mens ikkje-futurum blir brukt om notida og fortida. Verbforma naluppugut kan setjast om med ‘vi svømmer’ eller ‘vi svømte’, avhengig av samanhengen:

  • Maanna naluttarfimmi Malimmi naluppugut. ‘Vi svømmer (naluppugut) i svømmebassenget (naluttarfimmi) i Malik (Malimmi) no (maanna).’
  • Ipassaq naluttarfimmi Malimmi naluppugut. ‘Vi svømte (naluppugut) i svømmebassenget (naluttarfimmi) i Malik (Malimmi) i går (ipassaq).’

Verbforma sinissaaq ‘ho/han skal sove’ er derimot eintydig futurum:

  • Dronningi tupermi sinissaaq. ‘Dronninga (dronningi) skal sove (sinissaaq) i eit telt (tupermi).

Absolutt og relativt tempus

Det som i denne artikkelen er kalla tempus, kan meir presist kallast absolutt tempus, som må skiljast frå relativt tempus. Som forklart ovanfor, er (absolutt) tempus definert ut ifrå ytringstidspunktet — tidspunktet då ei setning blir ytra. Relativt tempus er derimot definert ut ifrå referansetidspunktet — eit tidspunkt som er omtalt eller underforstått.

På same vis som vi har dei (absolutte) tempusa preteritum, presens og futurum, har vi dei relative tempusa relativ preteritum, relativ presens og relativ futurum.

Det norske verbet har ikkje former som uttrykkjer relativ tempus heilt uttrykkjeleg, men tydinga til relativ preteritum kan forklarast med uttrykket etter å ha halde tale, som viser til noko som skjer før referansetidspunktet, som kan vere i fortida, notida eller framtida:

  • Før eit tidspunkt i fortida: Etter å ha halde tale sette han seg ned att.
  • Før notida: Etter å ha halde tale set han seg som regel ned att.
  • Før fortida: Etter å ha halde tale vil han nok setje seg ned att.

Emnet er utdjupa i artikkelen relativt tempus.

Perfektum

Både (absolutt) tempus og relativ tempus må kontrasterast med perfektum, som viser til noko som skjedde før referansetidspunktet, og som framleis er relevant på referansetidspunktet. Dette kan illustrerast med denne setninga:

  • Per har dotte i sjøen.

Verbforma har dotte blir kalla presens perfektum i moderne skulegrammatikk. Setninga fortel at Per datt i sjøen før referansetidspunktet, som her er notida. I tillegg er det at han datt i sjøen framleis relevant på referansetidspunktet. Dette kan tolkast som at Per framleis ligg i sjøen.

Dersom det som skjedde ikkje har relevans på referansetidspunktet, brukar vi preteritum:

  • Vi var ein tur med båten i går, og tru det eller ei: Per datt i sjøen!

At Per datt i sjøen, inneber ikkje at han framleis ligg i sjøen. Han kan ha kome seg opp att med det same.

Emnet er utdjupa i artikkelen perfektum.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg