Det frygtelige bombardement af København
Under napoleonskrigane bomba britane København, sette fyr på byen og kverrsette (beslagla) heile den dansk-norske flåten. Det frygtelige bombardement af København, måla av Christoffer Wilhelm Eckersberg, 1807.

Slaget ved Lyngør 1812, der den dansk-norske fregatten Najaden blei øydelagd og senka av det britiske linjeskipet Dictator. Etter eit maleri av F. T. Klos, ein dansk marineoffiser som sjølv var med. Orlogsmuseet, København.

/NTB Scanpix ※.
Flåteranet

«Flåden forlader havnen for sidste gang». Måleri frå 1919 som førestiller flåteranet.

Av .

Flåteranet i 1807 var ei hending under napoleonskriganeStorbritannia bombarderte København og rana til seg den dansk-norske flåten.

Faktaboks

Også kjend som

Københavns bombardement, (det andre) slaget om København

Danske styresmakter blei seinsommaren 1807 tvinga til å utlevera den sterke dansk-norske marineflåten til den britiske krigsmakta. Britane hadde då bombardert København frå sjø og land i fleire dagar. Britane, som var i krig med Napoleon, frykta at flåten skulle falla i hendene på dei franske styrkane som var oppmarsjerte sør for dei danskstyrte hertugdømma Slesvig-Holstein. Dette såkalla «flåteranet» førte til at Danmark-Noreg slutta seg til Frankrike i napoleonskrigane, og til at britane avskar kontakten mellom tvillingrika i dei følgjande sju åra.

Blokaden påførte Noreg katastrofale tap i handel og sjøfart og sviktande korntilførsel, og fattigfolk blei råka av hungersnød. Desse storhendingane var avgjerande for oppløysinga av den dansk-norske heilstaten, slik at eineveldet i Noreg blei avløyst av eit konstitusjonelt styre i 1814.

Bakgrunn

Frå 1793 til 1815 var Storbritannia i nesten samanhengande krig med det revolusjonære Frankrike. I 1800 slutta Danmark-Noreg seg til det svensk-russisk-prøyssiske væpna nøytralitetsforbundet for å forsvara skipsfarten til traktatlanda. Britane ønskte å få avvikla nøytralitetsforbundet, og spenninga mellom dei to statane auka. Det kom til konfrontasjonar mellom krigsskip frå dei to landa.

Den 2. april 1801 segla britiske orlogsfartøy (marinefartøy) med den nyutnemnde viseadmiralen Horatio Nelson inn til København. Etter nokre timars artillerikamp (slaget på Københavns red eller slaget på Reden) blei det inngått våpenstillstand på det vilkåret at Danmark-Noreg trekte seg ut av nøytralitetsforbundet.

I november 1806 innførte Napoleon ein «fastlandsblokade» for å hindra handel med Storbritannia. Som mottrekk bestemte den britiske regjeringa at skip frå nøytrale land ikkje skulle tillatast å anløpa hamner som var stengde for britiske skip. Franskmennene hadde på dette tidspunktet erobra det meste av det europeiske fastlandet og ville også tvinga Danmark-Noreg inn i fastlandsblokaden ved hjelp av ein armé leidd av marskalk Jean-Baptiste Bernadotte (seinare kong Karl Johan) sør for grensa. Han hadde planar om å angripa Sverige gjennom Danmark.

Britane frykta no for alvor at den dansk-norske orlogsflåten, den femte største i Europa, skulle koma på franske hender, og stilte difor eit ultimatum: Anten måtte Danmark-Noreg alliera seg med Storbritannia, eller så måtte dei utlevera flåten. Allereie i januar 1807 byrja førebuingane i London til eit tokt mot København. Kronprinsregenten Frederik av Danmark-Noreg oppheldt seg i Kiel, som den gongen tilhøyrde Danmark, nær den danske landmilitære hovudstyrken som var forlagd på grensevakt.

Den tidlegare sekvensen av hendingar mellom dei europeiske stormaktene førte til at Frederik kom i eit ulykksalig krysspress mellom krava frå Storbritannia og frå Frankrike, ein situasjon som neppe gav høve til å finna ei akseptabel løysing. Under eit kort besøk i hovudstaden 11. august 1807 gav han likevel ordre om å forsvara København «til det ytste».

Flåteranet

Københavns bombardement

«Den rædsomste Nat». Måleri av Kongens Nytorv i København under bombardementet natta mellom 4. og 5. september 1807.

Av .
Slaget på Sjællands odde
I slaget på Sjællands odde i 1808 blei det danske linjeskipet Prins Christian Frederik senka.

Den 16. august 1807 landsette britane ein styrke på 30 000 soldatar rundt København, og det kom til trefningar både på land og sjø. Den 1. september kravde sjefen for dei britiske styrkane at den dansk-norske flåten skulle utleverast og oppbevarast i Storbritannia som pant på nøytralitet. Det blei lova at skipa skulle returnerast uskadde etter at krigen var over. Dei danske grensevaktstyrkane kunne ikkje koma til unnsetning sidan britiske krigsskip sperra sjøvegen tilbake til Sjælland.

Britane hadde hastverk for å kunna henta flåten heim før hauststormane tok til, og dei valde å påskunda situasjonen ved å skyta mot byen. Den 2. september 1807 byrja dei å skyta mot København, og det førte til brannar i store område (Københavns bombardement). Den danske militære leiinga for dei 13 000 dårleg førebudde forsvararane måtte etter tre dagar be om våpenkvile og forhandlingar – då var meir enn 20 prosent av byen nedbrunnen.

Ved kapitulasjonen 6. september måtte danskane godta utleveringa, men no var kravet at flåten skulle utleverast til britisk eige. Det dreidde seg ifølgje ei britisk liste om 18 linjeskip med 1344 kanonar, 16 fregattar med 602 kanonar, 6 briggar med 102 kanonar og dessutan 24 mindre fartøy og alt utstyret som fanst på lageret til marinen. Etterlate materiale blei brent av britane, det same blei store mengder av tømmer.

Det var berre det gamle linjeskipet «Prinds Christian Frederik» som slapp unna fordi det var ute på tokt. Det blei likevel snart omringa og senka av tre britiske linjeskip i Slaget ved Sjællands Odde. Materiale blei så skrapa saman frå verfta for å byggja fregatten «Najaden», som skulle bidra til å sikra sambandet mellom Danmark og Noreg. Den blei skoten i senk av eit britisk linjeskip inne på Lyngør hamn i 1812 (sjå slaget ved Lyngør). Det som etter 1807 elles fanst av sjømilitære stridskrefter langs kysten, var meir enn 200 nybygde kanonbåtar, som blei rodde eller segla, kvar med éin eller to kanonar om bord.

Krigsåra 1807–1814

Etter tapet av flåten var krig med Storbritannia ein realitet. Danmark-Noreg inngjekk ein allianse med Napoleon 31. oktober 1807, og Storbritannia svarte med ei krigserklæring 4. november. Den 29. februar 1808 erklærte kronprins Frederik krig mot Sverige, i tråd med forpliktingane i alliansen med Napoleon. Dette forsterka Noregs katastrofe ettersom det var nordmennene som måtte føra krigen mot Sverige, samstundes som Noreg blei langt hardare ramma av den britiske blokaden enn Danmark.

Svenske troppars innfall i dei sørlege norske grensetraktene i 1808 blei avviste av dyktig norsk motstand, takk vere gode forsvarsførebuingar i åra forut sett i verk av forsvarssjef og den seinare leiaren for Regjeringskommissionen i Noreg, prins Christian August. Han fekk i 1809 etablert ein norsk våpenstillstand med Sverige, men den britiske sjøblokaden var i kraft i storparten av krigsåra fram til 1814, og Noreg blei eit land på randa av økonomisk ruin.

Slik var situasjonen då Frederik 6 (konge frå 13. mars 1808) blei tvinga til å avstå Noreg til kongen av Sverige ved Kieltraktaten 14. januar 1814. Det utløyste dei revolusjonerande hendingane i 1814, initiert av den nye danske kronprinsen Christian Frederik, med overgang frå einevelde til eit gryande konstitusjonelt demokrati i ein gjenreist norsk stat. Men dette forsøket på å omgå Kieltraktaten mislykkast.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Munch-Petersen, Thomas (2007). Defying Napoleon. How Britain Bombarded Copenhagen and Seized the Danish Fleet in 1807. Sutton Publishing.
  • Krigshistorisk Tidsskrift. Særnummer 1807. Utgitt juni 2007, Danmark.
  • Krig i Norden 1807– 1810. Rapport fra Clio og Mars-seminaret på Forsvarsmuseet i Oslo 5.–7. november 2008, trykt hefte. Forsvarsmuseet 2009, spesielt innlegga ved:
  • Skjold Petersen, Karsten. Statens Forsvarshistoriske Museum, København. Freden i Tilsit 1807 og konsekvensene for Danmark-Norge
  • Sather, Lee. Weber State University, Utah, USA. Prince Christian August: Hero, Dupe or Traitor?
  • Feldbæk, Ole (1998). Nærhed og adskillelse 1720–1814. Danmark-Norge 1380–1814, bd. 4. Oslo: s. 314–351.
  • Engberg, Jens (2009). Den standhaftige tinsoldat. En biografi om Frederik 6. København: 310–342.

Kommentarar (3)

skreiv Istooob Lan

Kan du vurdere i hvilken grad flåteranten og kieltrakten bidro til å fremme økt nasjonalfølelse i Norge?

skreiv nima ahmed

4. Vurder Karl Johans rolle i Norges demokratiutvikling før 17. mai 1814. 5. Gjør rede for hvem som møtte på riksforsamlingen på Eidsvoll i 1814. 6. Gjør rede for selvstendighetspartiet og unionspartiet – hva sto de for og hva var de uenige om? 7. Vurder Kristian Fredriks betydning for norsk selvstendighetskamp før 17. mai 1814. 8. Gjør rede for innholdet av Grunnloven av 1814.

svarte Marte Ericsson Ryste

Hei, dersom dette er oppgaver du skal løse, så har vi mange relevante artikler. Les artiklene for eksempel om 1814,Grunnloven og Christian Frederik, https://snl.no/1814%2FDet_selvstendige_Norges_f%C3%B8dsel, https://snl.no/Grunnloven og https://snl.no/Christian_Frederik. Med vennlig hilsen Marte Ericsson Ryste, redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg