Abugida er ein type skriftsystem der kvart teikn står for ein sekvens av ein konsonantljod etterfylgd av ein innebygd vokalljod.

Faktaboks

Uttale

abug'ida

Også kjend som

engelsk alphasyllabary

Abugidaer skil seg både frå ekte alfabetsystem, der ein skriv både konsonantar og vokalar, og frå abjadar, der ein skriv berre konsonantane.

Om vokalen skal vera ein annan enn den innebygde, eller om det ikkje skal vera nokon vokal, skriv ein det ved hjelp av diakritiske teikn over, under, eller ved sida av grunnforma til kvar konsonant. I devanagari skriv ein til dømes क ka (grunnform med innebygd vokal a), का , कु ku, के , क् k (der ् tyder «bortfall av vokal»), og like eins प pa, पा , पु pu, पे , प् p, og so vidare.

Ordet abugida vert bruka mellom anna om dei indiske skriftsystema baserte på devanagari og om det etiopiske skriftsystemet (geez-skrift). Abugidaene vert stundom omtala som «alfabet».

Termen vart innførd i 1990 av lingvisten Peter T. Daniels. Namnet kjem av dei fire etiopiske bokstavane som svarar til ljodane ä [ə], bu, gi og da.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg