Faktaboks

shona
Språkkodar
sn, sna (SN, SNA)
ISO-639:3
sna

Shona er eit språk som høyrer til bantuspråka i niger-kongo-språkfamilien. Shona er førstespråket til nærmare 11 millionar menneske i Zimbabwe og 2 millionar i Mosambik.

I Zimbabwe er shona og ndebele godkjende som regionalspråk, medan engelsk er offisielt språk.

Språket heiter chishona på shona, og landet heiter Zimbabwe. Ein person som høyrer til den etniske gruppa, heiter shona, fleirtal mashona.

Språkfamilie

Shona er eit bantuspråk. Bantuspråka, som blir tala i det meste av Afrika sønnafor ei linje frå Sør-Kamerun til Nord-Kenya, er ei undergruppe av dei bantoide språka, som igjen er ei grein av benue-kongo-språk. Benue-kongo-språk er igjen ei grein av niger-kongo-familien.

Språkhistorie

Det har budd folk som tala bantuspråk, i det området som svarar til den moderne staten Zimbabwe, sidan kring år 300 evt., men dei blei ikkje skrivne før kristne misjonærar kom til området sist på 1800-talet. Desse misjonærane møtte ei rekkje nærskylde og innbyrdes forståelege bantuspråkkorekore, zezuru, manyika, ndau og karanga – og tidleg på 1900-talet fanst det omsetjingar av Det nye testamentet til alle desse språka.

Den sørafrikanske lingvisten Clement Martyn Doke (1893–1980) granska desse språka og laga eit sams skriftspråk – shona – for dei i 1932, etter meir eller mindre dei same prinsippa som Ivar Aasen nytta då han skapte landsmålet/nynorsken. Rettskrivinga blei revidert i 1955 og 1967.

Språksystem

Shona har eit rikt bøyings- og ordlagingssystem. Kuchera mvura tyder ‘ause vatn’ (kuchera ‘ause’ og mvura ‘vatn’). Infinitiv har prefikset ku- og suffikset -a. Byter me ut ku- med ndicha-, får me ndichachera mvura ‘eg skal ause vatn’ (ndi- ‘eg’ og -cha- ‘framtid’). Tichachera mvura tyder ‘me skal ause vatn’.

Om me no legg til -es- føre endinga -a i kuchera, får me kucheresa ‘få til å ause vatn’. Så kan me leggje til -mu- rett etter ku-, og få kumucheresa ‘få han/henne til å ause’. Då kan me seie ndichamucheresa mvura ‘eg skal få han/henne til å ause vatn’.

Uttale

Shona-rettskrivinga er historisk, ved at ho ikkje gjev att moderne uttale, men ein rekonstruert tidlegare uttale av språket, før skilnadene mellom dei moderne dialektane oppstod. Landsnamnet Zimbabwe blir ikkje uttala med nokon w [w] nest sist i ordet. I staden høyrer ein uttalemåtar som [zimbabge] og [zimbabɣe]. Izwi ‘ord’ blir uttala [izɡʷi] eller [izɣʷi].

Eit særdrag ved shona er konsonantane som blir skrivne sv og zv, som i svosve ‘maur’ og zvimwe ‘kanskje’. Dei blir uttala som ein ustemd (sv) og ein stemd (zv) plystrelyd med tungespissen opp mot gommen i overmunnen. Slike lydar er ikkje kjende frå nokon andre språk i verda.

Shona er eit tonespråk som skil mellom ein høg og ein låg tone, som ikkje er gjeve att i ortografien, men som ein noterer med høvesvis [´] og [`] over vokalane i den fonetiske transkripsjonen.

Lånord

Shonaene er etterkomarar av dei som bygde byen som i dag står att som dei kjempestore ruinane me kallar Store Zimbabwe (Great Zimbabwe på engelsk). Dei dekkjer eit område på 7 kvadratkilometer. Dette var hovudstaden i Munhumutapa-imperiet, som eksisterte frå 1200- til 1600-talet. Den moderne staten Zimbabwe har namnet sitt etter desse vidgjetne ruinane. Portugisiske handelsfolk gjesta byen på 1500-talet og kalla han Symbaoe. Me veit ikkje sikkert kva Zimbabwe tyder, men ein har gissa at det tyder ‘stort steinhus’ – jamfør shona zimba ‘stort hus’ og bwe ‘kampestein’.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg