quechua

Artikkelstart

Quechua er ein språkfamilie, ofte omtalt som eitt språk, det største av urfolkspråka i Sør-Amerika. Det er førstespråket til kring 10 millionar menneske: 4 millionar i Peru, 2,9 millionar i Bolivia, 1,5 millionar i Ecuador, 900 000 i Argentina, 8200 i Chile og eit ukjent tal i Colombia.

Faktaboks

Uttale
kˈetʃwa
Også kjent som

quichua i Ecuador

Quechua er offisielt språk i Peru, i tillegg til aymara, alle andre urfolkspråk og spansk, og i Bolivia, i tillegg til 35 andre urfolkspråk og spansk. I Ecuador har quechua og andre urfolkspråk status som offisielle språk for desse folka.

Endonymet for folket og språket har former som qhichwa (Peru, Bolivia, Chile, Argentina), qhiswa (Bolivia), qichwa (Peru) og kichwa (Colombia, Ecuador, Peru). Språket blir òg kalla runa simi 'menneskespråket' (runa 'menneske', simi 'munn', 'tale', 'språk'). I denne artikkelen legg vi hovudvekta på qhiswa frå byen P'utuqsi (kastiljansk Potosí) i Bolivia. Dei landa der språket blir snakka, heiter Buliwya, Chili, Ikwadur, Kulumbya og Piruw på quechua.

Språkfamilie

Quechua utgjer ein eigen språkfamilie. Ein reknar med 46 ulike variantar av quechua. For mange av variantane er det uklart om dei bør kallast språk eller dialektar. Nokre av dei er så ulike at dei ikkje er innbyrdes forståelege.

Quechua er delt i to dialektgrupper som står nokså langt frå kvarandre. Nokre lingvistar har meint at det dreier seg om to språk. Nordleg quechua omfattar ei rekkje dialektar frå Peru og nordover, medan den andre gruppa, som vart talt av inkaene, ekspanderte sørover i takt med erobringane i Inkariket.

Språkhistorie

Quechua var det offisielle språket i det gamle Inkariket (quechua Tawantinsuyu) (1438–1533), som strekte seg frå Sør-Colombia gjennom Ecuador, Peru og Bolivia til Nord-Argentina og Nord-Chile – den såkalla inkasfæren. Språket heldt fram som offisielt språk etter den spanske koloniseringa i 1533. På eit møte i Lima i 1583 blei det vedteke å setje om religiøs litteratur til quechua, og det blei skapt eit standardspråk og ein ortografi. På 1700-talet blei quechua stadig meir marginalisert. Då dei nye statane i inkasfæren blei uavhengige av Spania i 1820, blei spansk det einaste offisielle språket.

I 1990 blei det i byen Cusco (quechua Qusqu) i Peru skipa eit Qhiswa simi hamut'ana kuraq suntur 'Høgaste akademi for quechua-språket', som skal røkte quechua som skriftspråk. Akademiet meiner at alle variantar av quechua er dialektar av eitt og same språket, og dei har valt Cusco-dialekten som standard.

Språksystem

Når ei setning inneheld både subjekt (S), objekt (O) og verb (V), står desse tre ledda normalt i rekkjefølgja SOV:

Subjekt Objekt Verb
Chay michi alquyta hasp'in
'den' 'katt' 'hunden min' 'klora'

'Den katten klora hunden min.'

Orda i quechua kan ta ei rekkje avleiings- og bøyingssuffiks. I setninga ovanfor inneheld alquyta og hasp'in bøyingssuffiks:

  • alqu-y-ta 'hund-min-akkusativ'
  • hasp'i-n 'klore-3sg'
  • Suffikset -n i hasp'i-n fortel at subjektet i setninga er «3sg» (3. person eintal).

Lånord

Gjennom spansk har vi fått lånt fleire ord frå quechua. Quechua-formene står i parentes, og tydinga er teken med når ho skil seg frå den norske:

  • guanaco, søramerikansk kameldyr (wanaku)
  • guano, fuglegjødsel (wanu 'møkk')
  • kinin, feberstillande middel, laga av borken på kinatreet (kina 'bork')
  • koka, kokabusk (kuka)
  • kondor, amerikansk gribb (kuntur)
  • lama, søramerikansk kameldyr (llama)
  • pampas, vid, tørr grasslette i Sør-Amerika (pampa 'flatt land')
  • pisco, søramerikansk druebrennevin (p'isqu 'fugl')
  • puma, stort amerikansk rovdyr av katteslekta (puma)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg