Faktaboks

aymara
Språkkodar
ay, aym (AY, AYM)
ISO-639:3
aym

Aymara er eit språk som er del av den aymaranske språkfamilien. Aymara er førstespråket til over 2,4 millionar menneske: 1,8 millionar i Bolivia, over 600 000 i Peru, 30 000 i Argentina og 900 i Chile. Aymara er offisielt språk i Bolivia og Peru, i tillegg til andre urfolkspråk og spansk.

Språkfamilie

Aymara utgjer ein eigen aymaransk språkfamilie saman med jaqaru (kring 700 talarar i 2000) og kawki (9 talarar i 2005). Dialektskilnadene innanfor aymara er ikkje større enn at alle forstår kvarandre.

Språkhistorie

Aymara blir snakka i eit ganske samanhengande område på høgsletta Altiplano (aymara Qullaw) i den breiaste delen av Andesfjella, frå Titicaca-sjøen i nord til saltsjøen Poopó i sør.

Språket hadde tidlegare ei større utbreiing nordover i Peru, men har truleg vore snakka på den andinske høgsletta i over 2000 år. Somme knyter språket til den prekolumbianske tiwanaku-kulturen (kastiljansk Tihuanaco) (1500 fvt. – 1200 evt.). Aymara-folket blei innlemma i riket til dei quechua-talande inkaene (frå 1200- til 1500-talet), fram til den spanske koloniseringa (1533).

Den italienske jesuittmisjonæren Ludovico Bertonio gav ut den første aymara-grammatikken i 1603. Ei rettskriving som gav att lydsystemet i aymara på ein fullgod måte fekk språket først i 1968, og ei lett revidert utgåve blei godkjend som offisiell rettskriving av regjeringane i Bolivia og Peru i 1985.

Språksystem

Når ei setning inneheld subjekt (S), objekt (O) og verb (V), kjem setningsledda normalt i rekkjefølgja SOV:

subjekt objekt verb
Nayax wawam sartayaraqsma.
'eg' 'ungen din' 'eg vekte (han) til ulempe for deg'

'Eg vekte ungen din til ulempe for deg.'

Orda kan analyserast slik:

naya-x 'eg + tema'

wawa-m 'unge + din'

sar-ta-ya-raq-sma 'gå + oppover + få til + til ulempe for + eg–deg'

Suffikset -sma viser at 'eg' er subjekt, og at 'du' er objekt, og aymara uttrykkjer subjekt og objekt i same suffikset. Til dømes heiter 'eg gir (det) til deg' chur-sma, 'du gir (det) til meg' chur-ista og 'vi gir (det) til han/henne' chur-tan. Eit objekt i 3. person er aldri nemnt i suffiks til verbet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg