oksitansk

Artikkelstart

Oksitansk er eit språk som høyrer til den galloromanske greina av romanske språk i den indoeuropeiske språkfamilien. Det er truleg om lag 2 millionar menneske som snakkar oksitansk, men talet er sterkt omstridt. Dei fleste talarane bur i Sør-Frankrike. I tillegg blir oksitansk talt i Val d'Aran i Nord-Spania, i Monaco og i Valadas Occitanas i den italienske regionen Piemont (Piemonte).

Faktaboks

Uttale
oksitˈansk
Språkkoder
oc, oci (OC, OCI)
ISO-639:3
oci

I den spanske regionen som på oksitansk heiter Catalonha (katalansk Catalunya), er oksitansk offisielt språk ved sida av katalansk og kastiljansk (spansk). I Val d'Aran er oksitansk i vanleg bruk i administrasjonen, og det er eit obligatorisk skulefag. I Italia har oksitansk status som verna språk, og det er lov å bruke det i undervisning og i offisielle samanhengar. I Frankrike og Monaco har språket ingen offisiell status, men det er tillate å undervise i oksitansk i den franske skulen, og det finst nokre få oksitanskspråklege fjernsynssendingar.

Oksitansk er også kjent under namnet langue d'oc. Nemninga provençalsk har også vore brukt som fellesnemning for det sørfranske språket, men er i utgangspunktet ei snevrare nemning som skal brukast om språket i Provence. Namnet oksitansk kjem av latin lingua occitana, som er ei latinisering av langue d'oc, der oc betyr «ja».

Språket heiter først og fremst occitan [utsiˈta] på oksitansk, men det er òg kjent under namnet lenga d'òc [leŋgɔ ˈdɔ]. Occitània [utsiˈtanjɔ] er namnet på det oksitansktalande området. Landa språket blir talt i, heiter França [ˈfransɔ], Espanha [esˈpaɲɔ], Mónegue [ˈmunege] og Itàlia [iˈtaljɔ]. Provençal [pruvenˈsaw] 'provençalsk' blei tidlegare ofte nytta om det oksitanske språket, men i dag viser det helst til den oksitanske dialekten i Provença [pruˈvensɔ] (Provence).

Språkfamilie

Oksitansk høyrer til den galloromanske greina av romansk. Dei romanske språka stammar frå latin, som var eit italisk språk. Italisk er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien.

Dei viktigaste oksitanske dialektane er provençalsk, limousinsk, gasconsk, languedocien og auvergnat. Saman med fransk og frankoprovençalsk utgjer oksitansk det gallo-romanske språkområdet.

Språkhistorie

Dei eldste oksitanskspråklege dokumenta skriv seg frå 900-talet, og frå denne tida og fram til 1400-talet var oksitansk det dominerande språket i Oksitania.

Oksitansk var språket til trubadurane (oksitansk los trobadors) og var difor kjent og hadde høg prestisje over heile Europa på 1100- og 1200-talet. På 1400-talet tok fransk til å trengje inn i Oksitania, og etter revolusjonen i 1789 miste oksitansk all offisiell status. Det blei likevel skrive mykje litteratur på oksitansk, og på 1800-talet var det ein litterær renaissença 'renessanse', ikkje minst knytt til Frédéric Mistral (1830–1914), som fekk nobelprisen i litteratur i 1904, og andre forfattarar knytte til den oksitanske kulturrørsla lo Felibritge 'Félibreforbundet'.

Språksystem

Ein får eit godt inntrykk av korleis oksitansk ser ut dersom ein samanliknar det med ein del andre romanske språk og latin:

Latin Italiensk Fransk Oksitansk Katalansk Kastiljansk Tyding
clavem chiave clef clau clau llave 'nøkkel'
noctem notte nuit nuèch nit noche 'natt'
cantare cantare chanter cantar cantar cantar 'syngje'
capram capra chèvre cabra cabra cabra 'geit'
linguam lingua langue lenga llengua lengua 'tunge'

Lånord

Mellom dei få orda vi har lånt frå oksitansk, er maskot 'ting, ofte dokke el. dyr(efigur), som skal gi lukke'. På oksitansk heiter det mascòta [masˈkɔtɔ] 'maskot', 'amulett', som er diminutiv (minskingsform) av masca [ˈmaskɔ] 'heks', 'maske'.

Fransk har lånt det vidgjetne ordet amour 'kjærleik' frå oksitansk, der det heiter amor [aˈmur], som kjem av latin amorem 'kjærleik'. På fransk er amorem blitt til ameur, som tyder 'brunst, det vil seie paringsdrift hos uksar'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg