frankoprovensalsk

Artikkelstart

Frankoprovensalsk er eit romansk språk som er utbreidd i eit relativt lite område i Alpane, i grenseområda mellom Frankrike, Italia og i det fransktalande Sveits. Språket ligg mellom fransk og provensalsk (ein dialekt av oksitansk)

Faktaboks

Også kjent som

frankoprovençalsk, francoprovençal, arpitansk, arpitan

Språkkoder
frp (FRP)
ISO-639:3
frp

Språket blir snakka av om lag 147 000 menneske: 70 000 i Frankrike (regionen Rhône-Alpes), 70 000 i Italia (Aosta-dalen og delar av Piemonte) og 7000 i Sveits (den franskspråklege delen). Frankoprovensalsk har i stor grad blitt fortrengd av fransk både i Frankrike og Sveits. I Aosta i det nordvestlege Italia har språket hatt ei noko sterkare stilling, og ein relativt stor del av befolkninga her snakkar eller forstår frankoprovensalsk.

Frankoprovensalsk er ikkje offisielt språk nokon stad, men det har status som verna språk i den autonome regionen Aosta-dalen i Italia. Det manglar òg ein litterær tradisjon.

Nemninga frankoprovensalsk (francoprovençal) vart første gong brukt av den italienske språkforskaren Graziadio Isaia Ascoli i 1873. På 1970-talet vart det lansert ei alternativ nemning, arpitansk (arpitan). I Valle d'Aosta blir òg brukt nemninga valdôtain om dette språket.

Språkfamilie

Frankoprovensalsk er eit romansk språk. Dei romanske språka, som høyrer til den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, har tre hovudgreiner: austromansk, italo-vestromansk og sørromansk. Italo-vestromansk deler vi vidare i italo-dalmatisk og vestromansk.

Frankoprovensalsk høyrer til ei galloromansk grein av vestromansk og er nærmast i slekt med fransk.

Språkhistorie

I år 43 fvt. grunnla romarane byen Lugdunum, som i dag heiter Lyon på fransk og Liyon på frankoprovensalsk. Lugdunum blei hovudstaden i Gallia, ein del av Romarriket, med i hovudsak keltisk busetnad. Etter kvart blei latin talemålet i Gallia, og i området der vi mellom anna finn byane Saint-Étienne, Lyon, Genève, Lausanne, Neuchâtel og Grenoble, utvikla latinen seg til frankoprovensalsk.

Det var ikkje før i 1873 at frankoprovensalsk blei identifisert som eit eige språk, takk vere den italienske språkforskaren Graziadio-Isaïa Ascoli (1829–1907).

Sidan det frankoprovensalske språkområdet er delt mellom tre land, har det ikkje oppstått noko einskapleg skriftspråk, men språkforskaren Dominique Stich presenterte i boka Parlons francoprovençal. Une langue méconnue frå 1998 eit framlegg til ei overdialektal frankoprovensalsk rettskriving. Som Dominique Stich skriv, treng språket ei rettskriving som er morfologisk, arkaiserande og etymologisk, på grunn av dei store dialektskilnadene. Dette inneber i hovudsak at Stich har laga ei rettskriving etter dei same prinsippa som Ivar Aasen valde for nynorsk.

Dei eldste kjende tekstane på frankoprovensalsk blei skrivne av karteusarnonna Marguerite d'Oingt, som truleg blei fødd i 1240, og som døydde i 1310. Tekstane er Li Via seiti Biatrix, virgina de Ornaciu ‘Livet til den heilage Béatrix frå Ornacieux’ og Speculum ‘Spegelen’.

Språksystem

Frankoprovensalsk liknar dei romanske grannespråka. Her er ei setning på frankoprovensalsk og fransk med ord-for-ord-omsetjing:

  • Frankoprovensalsk: Ye vouè vos parlar u jorn d’houè na langoua que vos ne cognesséd pas.
  • Fransk: Je vais vous parler aujourd’hui une langue que vous ne connaissez pas.
  • Ord-for-ord-omsetjing: ‘eg skal dykk snakke i dag eit språk som de ikkje kjenner ikkje’
  • Norsk: ‘Eg skal i dag snakke til dykk på eit språk som de ikkje kjenner.’

Namnet frankoprovensalsk fortel nettopp at språket ligg mellom fransk og provensalsk (ein dialekt av oksitansk). Her er nokre ord i latinsk, italiensk, oksitansk, frankoprovensalsk og fransk form:

latin italiensk oksitansk frankoprovensalsk fransk norsk
mātrem madre maire mâre mère mor
gūstum gusto gost gôt goût smak
amīcam amica amiga amia amie veninne

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg