Torstein Finnbakk

Faktaboks

Torstein Finnbakk
Født
22. mai 1952

Artikkelstart

Torstein Finnbakk er ein norsk lyrikar, lokalhistorisk forfattar, omsetjar og journalist frå Helgeland. Han er opphavet til ToFi-debatten i 1978, som handla om litterær kvalitet.

Bakgrunn

Finnbakk er utdanna lærar ved Nesna lærarhøgskole i 1977. Han har arbeidd som lærar i Rana kommune, som journalist i Rana Blad og Brønnøysunds Avis, og som kommunikasjonsrådgivar i Brønnøysundregistra.

Forfattarskap

I 1976 debuterte han med ei nynorsk vise i den nordnorske viseboka Det e lys lenger fram! Den eigentlege debuten, diktsamlinga Når star kan jage måse (1978), som kom ut under pseudonymet ToFi, vekte debatt. Klassekampen publiserte ei rekkje innlegg om den litterære kvaliteten på samlinga. Då Johanna Schwarz melde boka, vart forlaget Oktober kritisert for å ha gitt ut ei uferdig bok og for å ha gitt lite støtte til forfattaren. Men forfattaren og forlaget fekk òg støtte frå etablissementet, mellom andre frå Tron Øgrim. Helge Rykkja skreiv hovudoppgåve om ToFi-debatten. I 1982 gav Finnbakk ut ei ny diktsamling, Fem stjerne blenk. Denne samansette samlinga skildrar nordnorske tilhøve med både humor og alvor.

Finnbakk skriv på både nynorsk, bokmål og dialekt.

Lokalhistorie

Som lokalhistorikar har Finnbakk mellom anna skrive om Bodil Aakre (2009), som fekk lausøyreregisteret etablert i Brønnøysund, om fotografen Barbara Baarsen Bostrøm frå Helgeland (2013) og om ein vikingskipskopi sin seglas frå Hemnes til USA i 1920 (2013). I høve 50-årsjubileet for frigjeringa i 1945 intervjua han ei rekkje menneske som opplevde andre verdskrigen i det som no er Hemnes kommune. Boka Hemnes i krig 1940–45 kom i 1995, med Finnbakk som redaktør.

Gjendikting

I 1990 gav han ut tjue gjendiktingar av den skotske poeten Ivor Cutler. Finnbakk gav òg moderne språkdrakt til Nils Lagli sine Eventyr og sagn fra Nordland (1924), som kom ut i ny utgåve i 1993.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg