Helge Rykkja

Faktaboks

Helge Rykkja
Født
27. august 1943, Mysen, Viken
Død
13. juni 2020, Kragerø, Vestfold og Telemark

Artikkelstart

Helge Rykkja var lærar, lyrikar og lokalpolitikar for Raudt. Litterært og politisk var han ein sentral medlem av Profil-opprøret, tidleg surrealistimportør og utøvar, og eit av dikta hans blei lese opp som åtvaring mot modernistisk dikting i Stortinget i 1968.

Bakgrunn

Helge Rykkja var fødd på Mysen (no Indre Østfold kommune) i Østfold (no Viken). Han var utdanna cand.philol., med hovudfag i norsk frå Universitetet i Oslo (1979) og med musikk og samfunnsfag i fagkrinsen. Han arbeidde ved Kragerø ungdomsskole i perioden 1974–2006 og representerte Raudt i kommunestyret i Mysen.

Forfattarskapen

Rykkja var ein modernistisk forfattar som var påverka av folkeopplysningstradisjonen og avantgardismen i 1960-åra, og det poetiske utgangspunktet hans var undring og ei nyfiken haldning til livet.

Han debuterte med den handskrivne tekstsamlinga BOK i 1966. I 1968 ga han ut Poesi, som selde heile opplaget på 3000 eksemplar. Poesi utkom som den første boka i serien PAXLYRIKK. Både BOK og Poesi er eksperimentelle, medan Kommune (1979) har ein maoistisk tendens.

Seinare kom diktsamlingane Draken i solbærbuskane (1982), Filosofi, sa du(1994), Eit kjærleikstema(1997), Eit hus mellom andre (2003), Slutningar til knes (2004) og bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar (2006).

Han skreiv barneboka Blokka ungeberget (1983) og prosaboka Formalisten (1984). I 2007 gav han ut fagboka Kor blei klassen av? Rykkja skreiv i rykk og napp, var borte ei stund og kom så tilbake.

Utmerkingar og anna engasjement

Rykkja var redaksjonsmedlem og ei tid redaktør av tidsskriftet Profil (1966–1969). Han fekk Telemark mållags målpris i 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg