Telemark Museum

Artikkelstart

Telemark Museum er det kulturhistoriske museet for Telemark fylke . Museet har tilhald på garden Søndre Brekke i Skien, som er omkransa av den 36 mål store Brekkeparken. I parken finst ei fin samling bondestover, løer, loft og bur frå ulike delar av fylket.

Faktaboks

Også kjent som

Fylkesmuseet for Telemark og Grenland

Oppstart

Oppstarten til Telemark Museum var i 1909, då Skiens Museum blei grunnlagt etter initiativ frå ingeniør Johan Koren Christie. Skiens Museum flytta inn på Søndre Brekke i Skien same året.

Organisering og innhald

Fram til 1998 var museet organisert under namnet Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Frå 2008 har Telemark Museum vore eit konsolidert museum som driv og har ansvaret for musea i , Nome, Skien, Porsgrunn, Bamble og Kragerø. Telemark Museum har ansvaret for 130 bygningar, 100 000 gjenstandar, 1,5 million fotografi og store bok- og samlingar av privatarkiv.

Museet omfattar i dag Brekkeparken, Berg-Kragerø Museum, Kittelsenhuset, Porselensmuseet, Henrik Ibsen Museum med dramatikaren sin barndomsheim Venstøp, Porsgrunn Bymuseum, Sjøfartsmuseet Porsgrunn, Ulefos Hovedgaard, museum i Bamble og Brevik, og fleire bygdetun.

Telemark Museum har som mål å framstå som eit debattskapande og aktuelt museum. Frå tusenårsskiftet har det difor vore lagt vekt på meir samtidsretta utstillingar. ”Bare plast” var tema for ei utstilling i 1996. Våren 2000 opna utstillinga ”Frå runer til e-mail”. Utstillinga om Vidkun Quisling gjorde Telemark Museum til eit av dei mest omtalte museum i Noreg i 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hundre år på Brekke : Telemark museum, 2009

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg