privatarkiv

Privatarkiv er arkiv skapt av enkeltpersonar, organisasjonar, bedrifter og andre ikkje-offentlege instansar.

Privatarkiv er ikkje omfatta av bevaringsplikta i arkivlova. Bevaring er difor avhengig av samtykke frå arkiveigaren, som også kan setje avgrensingar for bruken av arkivet. Riksarkivaren kan med heimel i arkivlova registrere einskilde privatarkiv som «særskilt verneverdige», som inneber at arkiva ikkje kan førast ut av landet, delast opp eller øydeleggast utan samtykke frå Riksarkivaren. Riksarkivaren har også rett til å kopiere slike arkiv.

Privatarkiv blir bevart av arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. Arkivverket er nasjonal koordinator for bevaringsarbeidet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg