Sylfest Lomheim

Faktaboks

Sylfest Lomheim
Født
11. mars 1945, Hafslo
Sylfest Lomheim i 2020
Sylfest Lomheim
Av /NTB.

Sylfest Lomheim

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Sylfest Lomheim er ein norsk språkvetar og språkpolitikar. Han har ein mangfaldig bakgrunn, og han er og har vore aktiv på mange område, der det meste har med norsk språk å gjere. I norsk offentlegheit er han truleg den mest kjende språkkommentatoren og språkrådgjevaren. Han deltar i språkprogram i radio og tv der han svarer på språkspørsmål og kåserer om eller samtalar med andre om språk. Han skriv i ymse aviser og har gjeve ut ei rad populærvitskaplege bøker om språk.

Utdanning, arbeid og verv

Mellom 1964 og 1971 studerte Lomheim fransk, engelsk og nordisk ved Universitetet i Oslo. Han har hovedfag i nordisk språkvitskap på ein språkleg analyse av spørsmål i spørjetimen i Stortinget. Såleis kan ein seie at han alt da peika ut ein kurs for det framtidige arbeidslivet sitt. I studietida arbeidde han i NRK Fjernsynet som produsent i internutdanninga og også i Sportsrevyen. Mellom 1971 og 1974 var Lomheim sendelektor i Caen i Frankrike. Tilbake i NRK i 1975 som konsulent fekk han ansvaret for å rekruttere nynorskmedarbeidarar til institusjonen. I 1977 blei han tilsett som amanuensis ved fagomsetjarstudiet ved daverande Ager distriktshøgskole (seinare Høgskolen i Agder, no Universitetet i Agder). Han blei førsteamanuensis i 1984 og professor i nordisk språkvitskap med omsetjingsvitskap som spesialområde i 2003. Mellom 1987 og 1992 var han rektor ved Høgskolen i Agder.

Som den aller første blei han tilsett av Kulturdepartementet i den sentrale stillinga som direktør for det nye Språkrådet, som avløyste det tidlegare Norsk språkråd som var under omdanning mellom 2004 og 2006. Dermed fekk han sterk innverknad på denne prosessen og også eit primæransvar for forvaltninga av ein ny norsk språkpolitikk. Lomheim sat i denne stillinga til 2010 da han gjekk tilbake til professoratet ved det som da var blitt Universitetet i Agder.

Han har dessutan hatt ei rekkje faglege og politiske verv, mellom anna som språkkonsulent for nynorsk i NRK mellom 1980 og 1994 og fast medarbeidar i NRKs radioprogram for språkspørsmål sidan 1991, sist i Språkteigen fram til 2020. Han var vidare språkkonsulent for Bibelselskapet / Verbum forlag i samband med revisjon/nyomsetjing av Nytestamentet 1999–2003. Politisk har han markert seg som aktiv arbeidarpartimann og var leiar av Vest-Agder Arbeiderparti mellom 1996 og 2001, og var statssekretær i Barne- og familiedepartementet i Jagland-regjeringa (1997).

Språkformidling

Lomheim er ein svært populær og dyktig formidlar. Han er heilt openbert verdsett av det språkinteresserte publikumet, også mellom dei som står nynorsken fjernt. Såleis har han truleg vore med på å auke respekten og vørdnaden for nynorsk. Sjølv talar han eit nynorsk standardtalemål med trygg forankring i det heimlege sognemålet sitt.

Lomheim har ei tydeleg stemme i språkspørsmål, mellom anna fordi han lettare enn andre språkvetarar svarer på spørsmål om rett og gale i språket. Det gjeld både skrift- og talespråk. Svara hans reflekterer gjerne hans eiga språkkjensle og hans eige språkpolitiske syn, og han har fått kritikk for å vere for normativ og kategorisk. Andre språkvetarar er gjerne meir tilbakehaldne enn Lomheim, og tar i mindre grad stilling til normative spørsmål anna enn reine rettskrivingsspørsmål der normene er fastlagte gjennom entydige rettskrivingsvedtak.

Publikasjonar

Lomheim har gjeve ut fleire bøker. Stort sett speglar dei hans faglege og fagpolitiske interesser. For det meste har han skrive om emne som dekkjer det same som han formidlar offentleg. Få kan i same grad som han seiast å ha innfridd krava til det som blir kalla den tredje oppgåva i akademia, nemleg formidling.

Ei av bøkene handler om spesialområdet hans: Omsetjingsteori. Ei elementær innføring (1989, ny revidert utgåve 1996). Vidare har han skrive om Nynorsk i NRK. Fra A til Å (1994), om Skrifta på skjermen. Korleis skjer fjernsynsteksting? (2000). Andre titlar er Språkteigen (2003). Ord om ord (2004), Quizkleis. Spørjebok om språk (2008, saman med Helene Uri Og Per Egil Hegge) og Tale er gull (2011).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg