Avishode Sogningen
Avishode Sogningen
Norsk presses historie.

Sogningen var ei norsk avis som kom ut frå 1897. I 1972 blei Sogningen slått saman med Sogns Avis til Sogningen/Sogns Avis (S/SA), som endra namn til Sogn Avis i 1993.

Historie

Framsida av Sogningen 21. mai 1913.
Framsida av Sogningen 21. mai 1913.
Sogningen/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Etablering

Avisa Sogningen vart skipa i Vik i 1897. Partiet Høgre hadde ei tid hatt eit ønske om å etablere ei konservativ avis i Vik, og det konstituerande møtet vart halde 4. mars. Den første utgåva kom alt ein månad seinare, 7. april 1897. Avisa vart verande i Vik i underkant av 30 år og gjekk over frå ei til to utgåver i veka i 1907.

Sogningen vart skipa av Rasmus Thorsen på vegner av eit interessefellesskap. Selskapet som Thorsen oppretta sprang ut frå høgrekrefter samla frå heile Vestlandet, frå Bergen til Sogn. Høgre-mannen Ole S. Kvamme hadde sondert grunnlaget for å opprette ei konservativ avis i Sogn alt i 1895, og stod sentralt når det galdt å samle støtte til tiltaket.

Politisk ståstad

Sogningen vart skipa i ei tid då Noreg var i endring, og redaktør Thorsen var ikkje redd for frå første dag å velje side i dei viktigaste kampsakene. Sogningen uttrykte dermed støtte til framhald av unionen med Sverige og klar motstand til allmenn røysterett. I Vik stod målsaka svakt, og mangelen på landsmål i Sogningen var eit poeng som ofte dukka opp i spaltene til nynorskavisa Sogns Tidende i Sogndal.

Då Sogningen sin dåverande redaktør, Halvdan Brekke, opna for nynorsk i 1952, var det ein peikepinn om kor mykje det politiske og sosiale landskapet hadde endra seg i dette første halve hundreåret. I åra som følgde gjekk det likevel litt tilbake med nynorskbruken i avisa, inntil Edgar Henriksen tok over som redaktør i 1957. Han snudde utviklinga og gjekk over til å redigere berre på nynorsk i den korte tida han var redaktør.

Ingeniør Richard Knoff kjøpte Sogningen med støtte frå lutlaget Sogningen A/L og flytta avisa til Balestrand i 1925. Høgre, både lokalt og sentralt, engasjerte seg sterkt for partiorganet i den tida avisa heldt hus i Balestrand. Sogningen miste tingarar då den kom ut i Balestrand, særleg i etterkrigsåra.

Samkøyring og samanslåing

Etter at avisa hadde flytta til Vik att i 1951 henta opplagstalet seg litt inn att etter nedgangen i Balestrand. Då tok boktrykkjar Ingvald Husabø kontakt med styret i Bergen Høgre med ønske om å gi ut Sogningen. Han hadde prenta Venstre-avisa Sogn og Fjordane i Leikanger, men hadde brote med utgivarane og var difor på jakt etter ein ny partnar.

Husabø fekk først ordna ein leigeavtale om retten til å gi ut Sogningen i Leikanger i 1957. Omlegginga til tredagarsavis hjelpte på opplagstala. I 1959 gjorde han same avtalen med Bondepartiet om deira avis, Sogns Avis, og flytta utgivarstaden til Leikanger frå Sogndal, der avisa ikkje hadde kome ut sidan 1954. Bondepartiet hadde stilt krav om at redaktøren måtte lytte til oppmodingar frå eit partioppnemnt råd i utgivinga av Sogns Avis.

Frå 1959 vart Sogningen samkøyrd redaksjonelt med Sogns Avis, men det tok likevel tid før dette vart gjennomført. I praksis vart omlegginga fullført først då Hans Arnesen tok over som redaktør i Sogningen i 1960, etter eit kort opphald i Sogns Avis. Han var framfor nokon redaktøren som sette sitt preg på Sogningen og seinare i avisa Sogningen/Sogns Avis. Han tok tilbake redaktøransvaret for Sogningen i 1962, då avisene vart samkøyrde. Med tilgang til både bønder og høgreveljarar stod Husabø godt stilt i annonsemarknaden.

Skilnadane mellom avisene var frå då av små. Sogningen var utgangspunktet for innhaldet i Sogns Avis, men Sogns Avis la noko meir vekt på kjernesakene for bøndene. Samansmeltinga vart fullført då dei to avisene vart slått saman til avisa Sogningen/Sogns Avis (S/SA) i 1972. Sogningen/Sogns Avis vart ein suksess i Leikanger, og opplaget auka jamt fram til samanslåinga med konkurrenten Sogn og Fjordane til den nye avisa Sogn Avis i januar 1993.

Opplag

År Opplag
1932 1500
1960 3769
1970 4292

Fakta

  • Sogningen: fyrste nr. 1897, fyrste red. Rasmus Thorsen.
  • Førebels siste nr. 31.3.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 1.8.1945.
  • Siste nr. under namnet Sogningen: 1972
  • Slått saman med Sogns Avis til Sogningen/Sogns Avis (S/SA): fyrste nr. 1.1.1972. Kjøpte avisa Sogn og Fjordane i 1992, endra namn til Sogn Avis 7.1.1993.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie, bd. 2, 3 og 4. Oslo 2010
  • Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg