Sogn og Fjordane (avis)

Avisa Sogn i Leikanger blei skipa i 1932 og var forløparen til avisa Sogn og Fjordane, som namnet var ifrå 1936. Avisa skulle gjennom to tiår etter krigen bli fylkets største. Avisa slo seg saman med Sogningen og blei til Sogn Avis i 1993.

Erklært partipolitisk fri skulle dette bli alt anna enn ei politisk likesæl avis. Mannen bak Sogn var ingen storsnuta utropar av samtidas skepsis til eit etablert partisystem. Med basis i avisa Sogn og Fjordane markerte utgjevar og bladstyrar Ivar Tveit seg snøgt som samtidas skarpaste politiske observatør.

Leikanger sin sterke posisjon som avisbygd tok av i 1932 med at ein ambisiøs boktrykkar og ein røynd pressemann flytte frå Vik. Ingvald Husabø etablerte eit nytt trykkeri, og Ivar Tveit starta ei framtidsretta avis. Fire år seinare endra han namnet til Sogn og Fjordane. Avisa hadde då om lag 3000 i opplag og var fylkets største i nesten 30 år.

Under krigen delte Tveit bladstyraransvaret med Einar Svartefoss. Tveit måtte rømme til Sverige, og Svartefoss blei arrestert for motstandsarbeid og måtte seinare gå i dekning ei tid. Likevel klarte parhestane å gje ut avisa gjennom krigen.

I 1947 blei Sogns Tidend innlemma, og to år etter tok Einar Svartefoss over som utgjevar. Avisa fekk då stadig meir preg av å vere ei Venstre-avis. I Indre Sogn stod partiet sterkt, men på femtitalet var glanstida til Venstre på hell også her. Ivar Tveit sitt opphavlege Sogn frå 1932, ikkje utan Venstre- sympati, men påpasseleg med å hevda fristillinga si, hadde vore ein vinnar. Einar Svartefoss sitt Sogn og Fjordane, frå femtitalet og utover, tapte for nye og gamle utfordrarar. Sosialdemokratiske Sogn Dagblad plukka frå avisa Sogn og Fjordane sine framskotne tingarfrontar i aust og vest. Ti år seinare fall også avisa sitt kjerneland, Midtre Sogn og Luster, for S/SA-redaktør Hans Arnesen sitt tabloide stormløp.

Einar Svartefoss si tid som aviseigar startar og sluttar med boktrykkar Ingvald Husabø sin posisjon i den sognske avislandskapen. I 1957 braut Svartefoss med Husabø, flytte avisa til ny stad i Leikanger og etablerte mo- derne rotasjon. Vel tretti år seinare, i 1993, måtte den økonomisk svake avisa Sogn og Fjordane gå inn i S/SA, som blei trykt i Ingvald Husabø sitt prenteverk. Dei to avisene i Leikanger blei frå 1993 Sogn Avis.

Opplag

År Opplag
1950 7470
1960 7159
1970 7905
1977 8223
1983 8092
1992 5557

Fakta

  • Sogn: prøvenr. 9.12. og 20.12.1932, fyrste ordinære nr. 6.1.1933. Siste nr. 17.4.1936.
  • Skifta namn til Sogn og Fjordane: fyrste nr. 24.4.1936.
  • Slått saman med Sogningen/ Sogns Avis til Sogn Avis: fyrste nr. 7.1.1993.
  • Avisa kom ikkje ut i perioden 11.8.1933–4.5.1934

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg