Sogn Avis er ei lokalavis som kjem ut på Leikanger i Vestland. Avisa kjem ut på papir og som nettutgåve fem dagar i veka. Sidan 2002 har ho vore einerådande i indre Sogn. Sogn Avis vart skipa i 1993, og er eigd av Amedia. Arve Uglum er redaktør frå 2020.
Sogn Avis

Etablering
Sogn Avis kom ut første gongen 7. januar 1993. Avisa blei starta som eit resultat av at høgreorganet S/SA (Sogningen/Sogns Avis) og venstreavisa Sogn og Fjordane slo seg saman, som ei tydeleg markering av at det var slutt for partipressa i Sogn.
Sogn Avis er organisert gjennom eit aksjeselskap som i byrjinga var eigd av familien Husabø på Leikanger. Samanslåinga i 1993 gav den nye avisa ein sterk posisjon på avismarknaden i Sogn. A-pressa (no Amedia), som eigde konkurrenten Sogn Dagblad, gjorde fleire forsøk på å kjøpe seg inn i avisa, men først i 1999 fekk konsernet hand om ein blokkerande eigarpost i Sogn Avis, gjennom Firda Media AS. Denne handelen var eit kompromiss der Amedia samtidig la ned Avisa Sogndal og selde Årdal og Lærdal Avis til Sogn Avis. I 2019 kjøpte Amedia 89,5 prosent av aksjane i Sogn Avis, og blei med det eineeigar, sidan konsernet allereie eigde 10,5 prosent gjennom Firda Media.
Sogn Avis har lokalkontor i Sogndal og Årdal.
Sogn Avis blei fram til 2006 trykt i eige trykkeri i Leikanger, seinare i Førde. Avisa har alltid hatt nynorsk som målform.
Med Amedia som medeigar, fekk Sogn Avis frå 2000 høve til å utvikle ei nettavis innanfor rammene til Amedia si nettsatsing. I 2005 tok avisa eit skritt nærare å bli eit komplett mediehus. Sogn Avis overtok då nærradioen P-Vest i Sogndal.
Redaksjonell profil
Sogn Avis er først og fremst ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet indre Sogn. Avisa har heile tida vore partipolitisk uavhengig.
I 2015 vart Sogn Avis kåra til Årets lokalavis.
Opplag
2015: 9155
2016: 8993
2017: 8772
2018: 8253
2019: 8045
2020: 9132
2021: 9487
Frå 2020 vert netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelde er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
- Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.