Sogn Dagblad var ein norsk avis, etablert i Leikanger som Sogn Folkeblad i 1938. Avisa skifta namn til Sogn Dagblad i 1965 og kom ut med siste nummer i 1997.
Sogn Dagblad
Historie
Sogn Folkeblad kom i 1938 og blei eit varig sosialdemokratisk bladtiltak, til skilnad frå det første, Sogns Socialdemokrat, skipa i Lærdal i 1919. Sogn Folkeblad blei etablert i Leikanger, 15 år etter at Arbeidarpartiet mista Sogns Socialdemokrat til Norges kommunistiske parti.
Den nye Ap-avisa innleia straks ei triumfliknande ferd i Sogn. Etter sju veker hadde Sogn Folkeblad samla meir enn 1100 tingarar i Leikanger og i bygdene omkring. Men krigen kom, og regjeringsorgana blei stengde. Etter krigen blei avisa flytt 60 kilometer vestover, til Høyanger, for å bli eit sosialdemokratisk organ for heile Sogn og Fjordane. Med base i samtidas regionsenter sette Sogn Folkeblad ny standard som lokalblad i eit til då borgarleg prega bladfylke.
Avisa blei snøgt leiande på avisdagar, og først etter krigen utvida til tre og fire utgåver i veka. I desember 1965 tok Sogn Folkeblad steget ut og blei Sogn Dagblad, den første dagsavisa mellom Bergen og Ålesund.
Etter krigen hadde Arbeidarpartiet to partiorgan i Sogn og Fjordane, Sogn Dagblad i Høyanger og Firdaposten i Florø, sistnemnde kom i 1948 og tok seg av partiet sine interesser i Fjordane. Sogn Dagblad, på si side, vende den fulle merksemda si mot dei folkerike bygdene i Indre Sogn, med særleg fokus på det gryande industrisamfunnet Årdal.
Etter 1970 blei Sogn Dagblad fanga i eit problematisk opplagslandskap. Avisa gjorde som ho ville i to vekststerke industrisamfunn, Høyanger og Årdal, men i mellomliggande kommunar rådde borgarlege aviser. I dette landskapet klarte Sogn Dagblad aldri å slå seg inn, dagbladet i Høyanger blei hengande etter på opplag, og kollega Firdaposten i Florø gjekk forbi i 1983. Sogn Dagblad kom under press frå 1993 då dei to borgarlege avisene i Sogn, Venstre-avisa Sogn og Fjordane og Høgre-bladet S/SA, slo seg saman.
Og det skulle bli verre: A-pressa kjøpte ei tid etter fylkets største avis, Firda i Førde. Konsernet blei frå 1996 sitjande med tre aviser i Sogn og Fjordane. Det påverka Sogn Dagblad sine vilkår, halvanna år seinare gjorde A-pressa nyinnkjøpte Firda og Florø-avisa Firdaposten til sine verkemiddel i fylket. Sogn Dagblad i Høyanger blei til overs og gjekk inn i mai 1997.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1950 | 2500 |
1960 | 3582 |
1970 | 4272 |
1983 | 5563 |
1995 | 5439 |
1996 | 4653 |
Fakta
- Sogn Folkeblad: fyrste nr. 9.12.1938, Førebels siste nr. 23.4.1940.
- Fyrste nr. etter krigen 14.8.1945, siste nr. 30.11.1965.
- Det skifta namn til Sogn Dagblad: fyrste nr. 2.12.1965, siste nr. 3.5.1997.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.