Årdal og Lærdal Avis

Artikkelstart

Årdal og Lærdal Avis var ei papiravis som kom ut i Øvre Årdal i Sogn og Fjordane frå 1997 til 2002. Avisa oppstod då A-pressa prøvde på å komme inn på avismarknaden i Sogn, men ho skulle få eit heller kort liv.

Årdal og Lærdal Avis var ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet. Ho var partipolitisk uavhengig. Dekningsområdet til Årdal og Lærdal Avis var dei to kommunane Årdal og Lærdal.

Historie

Årdal og Lærdal Avis vart skipa i 1997 og kom ut første gongen 7. mai. Berre få dagar før hadde dagsavisa Sogn Dagblad, som var Årdal sitt hovudorgan i etterkrigstida, gått inn. Årdal og Lærdal Avis kom ut tre gonger for veka frå starten og fram til 2001, deretter to gonger i veka.

Årdal og Lærdal Avis hadde avdelingskontor i Lærdal frå 1997 til 2000. Redaktørar har vore Ole Johannes Øvretveit (1997), Svend Arne Vee (1997–2000) og Kjell Eldegard (2000–02). Avisa hadde opplagsauke dei første åra, frå 2419 eksemplar i 1998 til 2689 eksemplar i 2000. Deretter gjekk det litt tilbake, til 2427 eksemplar i 2001. Avisa blei trykt hjå Firda Trykk i Førde. Ho hadde heile tida nynorsk som målform.

Årdal og Lærdal Avis vart skipa og eigd av A-pressa (no Amedia), som ein utfordrar til Sogn Avis sin dominerande posisjon i Indre Sogn. Men i 1999 kom det til eit oppgjer, då A-pressa fekk hand om ein blokkerande eigarpost i Sogn Avis, gjennom Firda Media AS. Som eit byte mot dette, la A-pressa samtidig ned Avisa Sogndal og selde Årdal og Lærdal Avis til Sogn Avis. Tre år seinare vart Årdal og Lærdal Avis nedlagt, men i 2004 oppstod nettavisa Porten.no i Årdal. Dette var ei av dei første lokalavisene i landet som berre dreiv nettavis og ikkje gav ut papiravis.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg