Sogn Avis kom ut første gongen 7. januar 1993. Avisa blei starta som eit resultat av at høgreorganet S/SA (Sogningen/Sogns Avis) og venstreavisa Sogn og Fjordane slo seg saman, som ei tydeleg markering av at det var slutt for partipressa i Sogn.
Sogn Avis er organisert gjennom eit aksjeselskap som i byrjinga var eigd av familien Husabø på Leikanger. Samanslåinga i 1993 gav den nye avisa ein sterk posisjon på avismarknaden i Sogn. A-pressa (no Amedia), som eigde konkurrenten Sogn Dagblad, gjorde fleire forsøk på å kjøpe seg inn i avisa, men først i 1999 fekk konsernet hand om ein blokkerande eigarpost i Sogn Avis, gjennom Firda Media AS. Denne handelen var eit kompromiss der Amedia samtidig la ned Avisa Sogndal og selde Årdal og Lærdal Avis til Sogn Avis. I 2019 kjøpte Amedia 89,5 prosent av aksjane i Sogn Avis, og blei med det eineeigar, sidan konsernet allereie eigde 10,5 prosent gjennom Firda Media.
Sogn Avis har lokalkontor i Sogndal og Årdal.
Sogn Avis blei fram til 2006 trykt i eige trykkeri i Leikanger, seinare i Førde. Avisa har alltid hatt nynorsk som målform.
Med Amedia som medeigar, fekk Sogn Avis frå 2000 høve til å utvikle ei nettavis innanfor rammene til Amedia si nettsatsing. I 2005 tok avisa eit skritt nærare å bli eit komplett mediehus. Sogn Avis overtok då nærradioen P-Vest i Sogndal.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.