Avishode Sogns Avis
Norsk presses historie.

Sogns Avis var ei avis som kom ut fyrste gong i Sogn i 1926. Avisa kom deretter ut i Vik i 1926–1948, i Sogndal i 1948–1954 og i Leikanger i 1959–1972.

Sogns Avis vart slått saman med Sogningen i 1972 til Sogningen/Sogns Avis (S/SA), som endra namn til Sogn Avis i 1993.

Historie

Framsida av Sogns Avis, fredag 18. februar 1927
.

Sogns Avis kom med si fyrste utgåve 21. august 1926, og var eit resultat av at høgreavisa Sogningen året før hadde flytta til Balestrand, slik at Vik vart ei avislaus bygd. I august 1926 var 400 luteigarar klare til å fylle tomrommet etter Sogningen med ei ny avis, og etter mindre enn eitt år blei avisa teken over av boktrykkar Ingvald Husabø. Avisa hadde i byrjinga riksmål som redaksjonell målform, men gjekk i løpet av 1926 over til nynorsk. I 1930–1948 og 1951–1954 vart avisa trykt i eige trykkeri.

Sogns Avis starta som partipolitisk uavhengig lokalblad, men frå 6. august 1927 var avisa knytt til Norges Bondelag og Bondepartiet. Då vart avisa seld til Norges Bondelag, som gjorde henne om til partiavis for Bondepartiet i Sogn. Avisa kom periodevis éin og andre tider to gonger i veka. Sogns Avis vart stogga under andre verdskrigen i åra 1942–1945. Etter at Sogns Tidend vart lagt ned i 1947, vart Sogns Avis flytta til Sogndal, som då var ei avislaus bygd.

Samanslåing

Ingvald Husabø var ein sentral person i Sogns Avis.

Ingvald Husabø (1896–1963). Boktrykkaren frå Leikanger blei fylkets store strateg på avisbygging. Ingen andre stader i fylket har fleire avistitlar blitt produserte og distribuerte frå eitt og same trykkeri. I løpet av sine 50 år i bransjen var han involvert i dei fleste av fylkets aviser, først og fremst i produksjonen, men også gjennom oppkjøp og relanseringar. Han sat som mellombels redaktør i Sogns Avis i to korte periodar (1927 og 1959), han kjøpte opp Sogns Tidend i 1947 og fekk grønt lys i 1957 for å ta over høgreavisa Sogningen. Men Ingvald Husabø var først og fremst boktrykkar, og prenteverket i Leikanger blei ein viktig aktør innan aksidens- og boktrykk.

Ingvald Husabø var ein sentral person i Sogns Avis.
Norsk presses historie.

Norges Bondelag sitt fylkeslag stod som utgjevar fram til 1954, då ho igjen vart stogga. Årsaka til at ho då vart lagt ned var vanskeleg økonomi. Då avisa kom i gang att fem år seinare, var ho igjen heileigd av Ingvald Husabø Prenteverk AS på Leikanger, men Senterpartiet gav økonomisk tilskot. Husabø dreiv deretter avisa i samkøyring med den konservative avisa Sogningen. Etter 13 år vart dei to avisene slått saman til Sogningen/Sogns Avis i 1972, som sidan 1993 heiter Sogn Avis.

Avisa skifta elles ofte redaktørar: Thormod Liljedahl (1926–1927), Ingvald Husabø (1927 og 1959), Ivar Tveit (1927–1931), Hermund Haukenes (1931–1942 og 1945–1948), Jørgen Bergo (1948–1950), Ivar Rusti (1950 og 1952), Lars Rødland (1950–1952), Hans H. Schelderup (1952–1954), Hans Arnesen (1959–1960 og 1962–1972) og Knut A. Helland (1960–1962).

Opplag

År Opplag
1932 1000
1952 2000

Fakta

  • Sogns Avis: fyrste nummer 21. august 1926, førebels siste nummer 30. september 1941.
  • Fyrste nummer etter andre verdskrigen 3. juli 1945, førebels siste nummer 1. november 1954. Heldt fram frå 21. august 1959.
  • Slått saman med Sogningen til Sogningen/Sogns Avis: fyrste nummer 1. januar 1972. Endra namn til Sogn Avis 7. januar 1993.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, Terje: På trykk: Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag.
  • Flo, Idar (red.) (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Bind 4: Norske aviser fra A til Å. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Grepstad, Ottar (2010): Avisene som utvida Noreg: Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Det Norske Samlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg