Faktaboks

Reidar Sendemann
Død
1214, Konstantinopel, Det bysantinske riket (nå Istanbul, Tyrkia)
Levetidskommentar
fødd i Noreg; nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjende
Verke
Norsk baglarhovding
Familie

Foreldre: Ukjende.

Gift etter 1207 med Margrete (eller Kristin) Magnusdotter, dotter til kong Magnus 5. Erlingsson (1156–1184).

Reidar Sendemann var ein norsk baglarhovding og ein sentral aktør på baglane si side i striden mot kong Sverre og birkebeinane i tidsrommet 1195–1209.

I sin ungdom gjekk Reidar i teneste hos keisaren i Konstantinopel i Det bysantinske riket. I 1195 kom han til Noreg, og i 1196 var han med på å reise baglarpartiet på Haløre marked i Skåne saman med biskop Nikolas Arnesson. Reidar vart ein av baglanes mest fornemme hovdingar. I 1201 måtte han overgje seg til kong Sverre etter eit hardnakka forsvar av Slottsfjellet ved Tønsberg, men etter Sverres død i 1202 fortsatte Reidar å vere ein av baglanes mest betrodde førarar.

I 1209 reiste han tilbake til Konstantinopel og vart verande til han døydde fem år seinare.

Bakgrunn

Reidar kom frå Viken, mogeleg Drammen. Sverres saga opplyser at han var ein klok og kunnskapsrik mann, og at han kom til kong Sverre sommaren 1195 etter å ha «vore lenge borte av landet og fare vide ikring». Reidar hadde då vore soldat hos keisaren i Konstantinopel. Han hadde med seg eit brev frå «den greske kongen Kirjalax», det vil seie den bysantinske keisar Aleksios 3., med oppmoding til kong Sverre om å sende han ein styrke på 1000 mann. Den same førespurnaden skal ha vorte sendt til den danske og den svenske kongen. Kong Sverre drygde med å avklare saka, og Reidar vart verande hos kongen over vinteren.

Då våren kom, vart det klart at kong Sverre ikkje ville sende hærfolk frå seg med ein så ustabil situasjon innanriks, men han let Reidar få lov til å verve folk på eiga hand. Reidar samla seg ein styrke av ukjend storleik og reiste til Danmark.

Baglarhovding

I Danmark slo Reidar seg saman med Nikolas Arnesson, biskopen i Oslo, som i fylgje med fleire andre verdslege og geistlege stormenn organiserte seg til motstand mot kong Sverre. Med denne styrken, som kom til å gå under namnet «baglar» (av norrønt bagall,’bispestav’), returnerte dei til Viken, der kong Sverre oppheldt seg. Reidar si rolle i planlegginga av baglarreisinga veit vi lite om. Svaret han fekk av kong Sverre, kan tyde på at kongen hadde fått nyss i at noko var i gjære, men dersom Reidar var involvert i planlegginga av dette tiltaket, var det i så fall ukjent for kongen.

I dei neste åra var Reidar ein av dei fremste sveithovdingane i baglarhæren. Han var mellom anna med under angrepet på birkebeinane i Bergen i 1198, og han leia sjølv eit åtak på Oslo i jula 1199/1200. Hausten året etter vart Reidar og ein styrke på 240 mann omringa av kong Sverre på Berget (Slottsfjellet) i Tønsberg. Etter 20 vekers beleiring og fleire freistnadar på å tilkalle hjelp utanfrå måtte Reidar til sist kapitulere. Underernært og sjuk vart han ført til Bergen på same skip som kong Sverre, som også hadde vorte sjuk under beleiringa. Reidar vart frisk att, men kong Sverre døydde knappe to månader etter.

Etter Sverres død går det fleire år før vi høyrer noko meir til Reidar Sendemann, men i 1205 er han på ny å finne mellom hovdingane til baglane.

Ekteskap, pilegrimsreise og nytt opphald i Konstantinopel

Ifølgje Bǫglunga sǫgur vart han ein gong etter 1207 gift med Margret, dotter til Magnus Erlingsson, og enka etter baglarhovdingen Filippus av Veien (Fagrskinna hevdar at kongsdotteras namn var Kristin, og at ho var dotter til Magnus Erlingsson og Eldrid Bjarnesdotter).

Etter semja mellom birkebeinane og baglane i 1208 (Kvitsøyforliket) bestemte Reidar og birkebeinarhovdingen Peter Støyper seg for å reise til Jerusalem på ei pilegrimsreise saman med ektefellene sine. Peter og Reidar var dessutan svograr – ettersom Peter var gift med ei anna av Magnus Erlingssons døtre. Peter og kona hans omkom på turen, men Reidar og Margret kom seg velberga til Jerusalem. Sidan gjekk Reidar på ny i keisaren si teneste, og han vart verande i Konstantinopel til han døydde i 1214.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg