Modalen er ein kommune i Nordhordland i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring Romarheimsfjorden og den indre delen Mofjorden, som igjen utgjer den inste armen av Osterfjorden. Kommunen er nest minst i landet etter folketal.Innanfor fjordbotnen omfattar kommunen den eigentlege Modalen, som strekkjer seg 16 kilometer i nordaustleg, seinare nordleg retning, og dessutan fjellområda på begge sider.Modalen blei oppretta som kommune i 1909 ved utskiljing frå dåverande Hosanger og fekk dei noverande grensene sine i 1964, då Eksingedalen sokn blei gitt til Vaksdal kommune og Romarheimsdalen i vest til tidlegare Lindås kommune.Modalen grensar til Alver i sørvest, Masfjorden i nordvest, Høyanger og Vik i nord og Vaksdal i søraust.. Hele artikkelen

Vi mangler fagansvarlig for Modalen

Vil du bli fagansvarlig? Ta kontakt

Ny artikkel