Krossøysundet, Austrheim
Krossøysundet, Austrheim. Av /Wikimedia Commons. CC BY 4.0

Austrheim

Faktaboks

Landareal
57 km²
Innbyggertall
2 889 (2022)
Administrasjonssenter
Årås
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggernavn
austrheiming
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4632 (frå 01.01.2020, tidlegare 1264)
Høyeste fjell
Litlåsfjellet (109 moh.)

Kommunevåpen

Austrheim

Austrheim. Frå Fonnes nordaust i kommunen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Austrheim er ein kommune i Nordhordland i Vestland fylke, nordvest i havgapet sør for munningen av Fensfjorden. Kommunen omfattar Fosnøyna, Bakkøyna, Njøta og 486 mindre øyar, holmar og skjer, og dessutan 8,6 km2 av den mest nordvestlege delen av Lindåshalvøya.

Austrheim grensar til Alver i aust og har elles grensene sine i sjøen: til Alver i Hoplandsosen/Fosnstraumen i sør, til Fedje i Fedjefjorden i vest og til Gulen i Fensfjorden i nord.

Austrheim blei oppretta som kommune i 1910 ved utskiljing frå Lindås. I 1947 blei Fedje utskilt frå Austrheim og oppretta som eigen kommune som den siste før Schei-komiteen starta arbeidet sitt med den landsomfattande revisjonen av kommuneinndelinga etter andre verdskrigen. Austrheim fekk dei noverande grensene sine i 1964 etter at Straume krins sør for Fosnstraumen blei overført til Radøy.

Natur

Berggrunnen høyrer til dei kaledonske skyvedekka, for størstedelen anortositt og gabbro av opphavleg grunnfjellsalder. Landskapet er småkupert og prega av sund og viker i retninga nordvest–søraust, og låge, langstrekte rabbar som følgjer strokretninga i Bergensfeltet (Bergensbuene) som her har si nordlegaste utbreiing. Kommunen har eit karakteristisk kulturlandskap med eit stort innslag av lyngheiar. Det høgaste punktet i kommunen er Litlåsfjellet (109 meter over havet) lengst aust på fastlandet.

Vardetangen på fastlandsdelen av Austrheim, ytst på Lindåshalvøya, er det vestlegaste punktet på Noregs fastland, posisjon 4° 56′ 43,182′′ austleg lengd. Her er det sett opp ei steintavle med innskriven posisjon og ein varde. Ein tursti fører ut til Vardetangen.

Busetjing

Det er ei jamn busetjing på nordspissen av Lindåshalvøya og på dei store øyane, med ein viss konsentrasjon i og rundt tettstaden og administrasjonssenteret Årås, som ligg på Fosnøyna. Den andre tettstaden i kommunen er Kaland på fastlandet, ikkje langt vest for Mongstad. I alt 39 prosent av innbyggjarane i Austrheim bur i desse to tettstadene (2019). Tettstadsdelen i Hordaland fylke var same år 83 prosent.

Folketalet i Austrheim viste ein viss tilbakegang frå krigen og fram til først på 1970-talet. Sidan har folketalet stort sett vore i vekst. I tiårsperioden 2010–2020 auka folketalet med gjennomsnittleg 0,5 prosent årleg, mot 1,0 prosent årleg i dåverande Hordaland fylke samla sett.

Næringsliv

Delar av Equinors raffineri på Mongstad ligg i Austrheim og er den viktigaste arbeidsplassen i kommunen. Samla utgjorde sysselsetjinga i industri og bergverk (inkludert petroleumsutvinning) åtte prosent av arbeidsplassane i kommunen, 33 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2019). Alle dei sysselsette i industrien i Austrheim arbeider i verkstadindustrien, då den kjemiske industrien ved Equinors anlegg er registrert i Alver kommune i statistikken. Austrheim har eit nært samarbeid med Alver kommune i næringsutviklinga, med mellom anna felles næringssjef og -koordinator.

Berre snautt tre prosent av sysselsetjinga i Austrheim er i primærnæringane (2019). I jordbruket blir det halde noko storfe og sau. Det blir drive noko fiske, men fangsten blir i det store og heile ført i land utanfor kommunen.

Av yrkesaktive som er busette i Austrheim, hadde 58 prosent arbeid utanfor kommunen 2019. 33 prosent arbeidde i Alver, 12 prosent i Bergen, fire prosent i Rogaland og tre prosent både i resten av nordhordlandskommunane og Gulen samla og på sokkelen sør for 62° nord.

Samferdsel

Hovudøya Fosnøyna blei i 1971 knytt til fastlandet med tre bruer, slik at alle dei største øyane i Austrheim har vegsamband med Lindåshalvøya (fylkesveg 565), frå 1989 også knytt til bru til Radøy. Det er ferjesamband frå Sævrøy til Fedje og snøggbåt til Bergen og Sogn frå Fonnes på fastlandet.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Det er vidaregåande skule i Mastrevik.

Austrheim høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Region Nordhordland saman med Alver, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy.

Austrheim kommune svarer til soknet Austrheim i Nordhordland prosti (Bjørgvin bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Austrheim til Nordhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Austrheim

For statistiske formål er Austrheim kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 12 grunnkrinsar: Leirvåg - Litlås - Kaland, Fonnes, Bakkøy, Nøten - Lillelindås, Leikvoll Førland, Hopland - Bergsvik - Lerøy, Austrheim, Sætre, Årås, Budal - Toftegård - Ulvøy, Rebnor - Øksnes - Dyrnes og Øyane.

Historikk og kultur

Austrheim kyrkje er ei trekyrkje oppført i 1865. Kyrkja har langplan og 355 sitjeplassar.

Kommunen har mange steinalderbuplassar, særleg ved Fosnstraumen mellom Fosnøyna og Radøy. Det blir arrangert årleg havsportveke i Mastrehamn, som del av Kystsogevekene.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har tre sølvfarga bjelkar som er bøygde oppover mot ein blå bakgrunn. Bjelkane symboliserer dei mange bruene som bind kommunen saman, og dei blå felta symboliserer himmelen over og sjøen under bruene.

Namnet er opphavleg eit gardsnamn som er sett saman av aust og heim, om plasseringa av garden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Skogseth, Arvid: Austrheim i fortid og notid, b. 4: Allmenn bygdesoge 1800–2000, 2000
  • Solheim, Anton: Bygdebok for Austrheim, 1972

Kommentarer (1)

skrev Olav Mongstad

I artikkelen om kommunen Austrheim står det at kommunen er skipa i 1946. Dette er feil.Austrheim vart skipa i 1910. Vi feirer 100-års jubileum neste år i 2010. Grunnen til feilen er at 1. januar 1947 vart Fedje skilt ut frå Austrheim og blei eigen kommune. 1910 vart Austrheim skilt ut frå Lindås kommune. Det var soknene Austrheim og Fedje som gjekk ut og vart til kommunen Austrheim. Eg kan og opplysa at fram til 2006 gjekk folketalet ned, med ca 100 personar frå 1986 til 2006. Frå og med 2007 har så folketalet stige att. Grunnen er nok den store utbygginga som skjer på Mongstad. Venleg helsingOlav MongstadDriftssjef Austrheim kommune

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg