Faktaboks

Lars Fykerud
Fødd
5. april 1860, Sauherad, Telemark
Død
19. august 1902, Solum (nå Skien), Telemark
Verke
Spelemann
Familie

Foreldre: Hans G. Fykerud (1823–79) og Torbjørg Larsdotter.

Gift med Anne Tveitan (f. 1851).

Lars Fykerud

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Lars Fykerud
Av /※.
Lars Fykerud
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Lars Fykerud var hardingfelespelar og konsertartist som mellom anna turnerte i Amerika.

Bakgrunn

Lars Hansson Fykerud var fødd i Sauherad i Telemark og voks opp på husmannsplassen Fykerudkåsa. Ved sidan av arbeidet som spelemann livnærte han seg i periodar som tømmarhoggar, seinare også ei stund som hotellvert saman med kona i Kongsberg. Han døydde i Solum i Telemark.

Folkemusikken

Han lærte å spele fele av faren, Hans G. Fykerud den eldre («Gamle-Hans», 1823–1879), men fekk vel så viktige musikalske impulsar frå mora, Torbjørg Fykerud (1828–1920), som var ein framifrå fløytespelar. Om somrane på setra ved Gausta trefte han òg Knut Dahle, som førte han inn i speltradisjonane frå Tinn. Fykerud byrja å opptre på marknader i Telemark som tolvåring, og han blei snart ein ettertrakta spelemann til dans.

Konsertar og turnear

Inspirert av suksessen til broren, Hans Fykerud den yngre, byrja Lars Fykerud å turnere i 1880-åra, først i Telemark og sidan i større delar av Sør-Noreg. Med tida blei Lars endå meir vidgjeten enn Hans, noko som ikkje berre kom av den karismatiske sceneframferda hans, men òg spelet og teknikken hans.

Særleg bogeføringa til Lars Fykerud er noko kjeldene trekkjer fram som unikt. Slik som Myllarguten tok Fykerud til å spele hardingfele med fiolinboge. Han skal vidare ha vore den første som byrja å spele med fela under haka, i staden for mot bringa, og han fekk dermed meir tone ut av bogedraga. I tillegg hadde han ein framifrå fingerteknikk med høgrehanda, som ofte blir sett i samanheng med fløytespelet til mora. I 1888 i vann Fykerud den første kappleiken som blei arrangert.

I 1890 drog Fykerud til Amerika for å turnere. Han gjorde stor lukke den første tida og tente store pengar på konsertar i mellom anna New York og Chicago. Men «professor Fykerud», som han kalla seg i Amerika, disponerte inntektene dårleg og fekk problem både med sjukdom og med alkohol. Han skal ha blitt rana ved eitt høve og svindla av impresarioen ved eit anna. Fattig og sjuk drog han tilbake til Noreg i 1898, og på ferda over Atlanterhavet komponerte han den kjende slåtten «Fykeruds farvel til Amerika». Merkbart svekt heldt han fram med konsertverksemd nokre år til, før han døydde av tæring i 1902.

Repertoar

Repertoaret til Fykerud er prega av konsertverksemda hans, der han utvida tradisjonelt slåttetilfang i stort omfang. Dette gjorde han dels gjennom å supplere lydarslåttar frå Telemark med såkalla «byspel», det vil seie runddansspel som polka, masurka, vals og reinlendar, dels ved å omforme overlevert stoff.

Han hadde jamvel rykte på seg for å stele andre sine slåttar. Kjende slåttar etter Fykerud, som enten er omarbeidingar eller samansetjingar av fleire ulike stykke, er «Vårlengt», «Sorg», «Duft», «Fjøllrosa», «Kjempehallingen», «Markensmåndagen» og «Livius Smitts minne» («Fykerudens minne»). Han omarbeidde óg den kjende «Fanitullen» til ein programmatisk lydarslått, med langsam innleiing og dramatisk avslutning. I tillegg spela han ofte vokalt stoff (visetonar, bånsullar) på fela si, til dømes «Margit Hjukse». I slåttane hans høyrer ein òg påverknad frå fløytespel.

Som det går fram av dei nasjonalromantiske slåttetitlane var komposisjonane eller omarbeidingane til Fykerud ofte meint å ha eit programmatisk innhald. Slåttane skulle vere folkelivsbilete eller naturskildringar. Føredømet her var Sjur Helgelands «Budeiene på Vikafjell» – som Fykerud karakteristisk nok omdøypte til «Budeiene på Filefjell» på eigne konsertar. Tonestykka hans hadde gjerne innslag der han imiterte lokk eller raut på fela. Desse trekka har i ettertid vore omdiskuterte og har mellom anna blitt karakteriserte som «mindre vellukka» av Magne Myhren og jamvel «smaklause» av Rikard Berge.

Ettermæle

Spelet til Fykerud er blitt ført vidare av Borgen-spelemennene i Bø og Løndal-spelemennene i Tuddal, og seinare av Knut og Hauk Buen. Dei to sistnemnde gav i 1992 ut albumet Fykerud’n. Slåttar etter Lars Fykerud, 1860–1902.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørndal, Arne & Brynjulv Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon. Bergen 1966
  • Braaten, Halvor: Lars Fykerud : [hans liv og kunstnergivnad], 1939
  • Myhren, Magne: «Lars Fykerud», Norsk biografisk leksikon, bd. nr. 3. Oslo 2001
  • Trykkerud, Torleif: "Meisterspelemannen Lars Hansson Fykerud" i Årbok for Telemark 48 (2002), 117-155

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg