Reinlender på Norsk Folkemuseum

Reinlender med turar også kalla Gammal reinlender, ein turdans basert på runddansen, var svært populær til framsyning i norske leikarringar. Her ser vi Norsk folkemuseums dansegruppe i 1958

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Reinlender er namnet på ein norsk runddans i roleg to-delt takt.

Faktaboks

Etymologi
av tysk Rheinländer, ein person frå det tyske Rheinland

Dansen har ei enkel, nokså standard form (periodisk reinlender), som er den mest vanlege. Første del har to tretrinnsteg med fire sviktar der paret dansar framover side om side (laus reinlender), andre del er ein eintaktsnu der paret svingar rundt to gonger på fire eittrinnssteg med to sviktar. Somme held samdanstak og svingar litt frå side i første delen (fast reinlender).

Austlandet blir elementa i dansen ofte brukt mykje friare (aperiodisk reinlender).

Andre land

Namnet reinlender blir brukt om andre dansar i andre land. I Danmark er reinlender-polka ein annan dans. og dansemønsteret blir til dømes kalla schottis eller pas de quatre i Sverige. Det er grunn til å tru at vår dans er inspirert frå Tyskland, der det også finst mange versjonar og mange namn som den norske forma har samanheng med.

Det finst også turdansar, både i Noreg og Sverige, laga på grunnlag av runddansen (gamal reinlender, reinlender med turar, Sunnmørsreinlender, Schottish).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Christian Stranger-Johannessen

Kan dere rette opp dette?
Det er grunn til å tru at vår dansen er inspirert frå Tyskland, der det også finst mange versjonar og mange namn som nok har samanheng med den norske forma.

svarte Anne Eilertsen

Hei, og takk for at du påpeker feilen! Den er rettet nå. Vennlig hilsen Anne (redaktør).

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg