Hans Fykerud
Faktaboks
Hans Hanson Fykerud den yngre
- Født
- 20. november 1862, Sauherad (no Midt-Telemark), Vestfold og Telemark
- Død
- 27. oktober 1942

Bakgrunn
Hans Hanson Fykerud var fødd i Sauherad (no Midt-Telemark) i Bratsberg amt (no Vestfold og Telemark). Kjeldene fortel lite om læremeistrar, men han har sannsynlegvis lært felespel av far sin, spelemannen Hans G. Fykerud den eldre («Gamle-Hans», 1823–1879), og fått musikalske impulsar av mora, fløytespelaren Torbjørg Fykerud.
Folkemusikken
Hans Fykerud og den meir kjende broren Lars Fykerud var mellom dei første som gjorde konsertspel til ein leveveg mellom felespelarar. Han skapte ein ny konsertsjanger, der han opptredde i ein sjølvlaga konsertbunad, sette nye namn på slåttane og prenta program. Han gjennomførte fleire turnear på Aust- og Vestlandet i Noreg, seinare også i USA.
I tillegg til tradisjonsstoff frå Telemark framførte han ofte nyskrivne nasjonalromantiske programstykke, som «Budeiene på Vikafjell» av Sjur Helgeland. Spelet til Fykerud låg på eit teknisk avansert nivå og var høgt verdsett av spelemenn som Helgeland.
Fykerud budde ein lang periode av livet sitt i USA (ca. 1890–1937), der han livnærte seg ikkje berre som spelemann, men òg som krovert.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Arne Bjørndal og Brynjulv Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon. Bergen 1966
- Torleif Trykkerud: «Hans Hanson Fykerud», Årbok for norsk folkemusikk. 1994
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.