Sjur Bygd

Faktaboks

Sjur Bygd
Født
28. april 1889, Vossestrand (Voss), Vestland
Død
29. oktober 1985, Voss, Vestland

Artikkelstart

Sjur Bygd var forfattar, gardbrukar, lokalpolitikar og bankkasserar. Bøkene hans er fine og djuptloddande skildringar av bygdesamfunn i ei brytingstid.

Sjur Bygd var fødd på Vossestrand (no Voss). Den einaste skulegangen hans utover grunnskulen var to år på Voss folkehøgskule (1906–1907 og 1910–1911). Her vart han, som så mange andre, påverka av styraren ved skulen, Lars Eskeland. I 1915 debuterte han som forfattar med novellesamlinga Fjell-folk, og fram til 1925 kom det tre bøker til, to romanar og ei novellesamling.

Hausten 1925 vart Bygd vald til ordførar i heimkommunen Vossestrand, og dette vervet hadde han i tre periodar, fram til 1934. Frå 1931 dreiv han farsgarden i tjue år, og han arbeidde òg som bankkasserar i Vossestrand sparebank frå 1935 til 1959. Alt dette gav han lite tid til å skrive bøker, slik at frå 1925 gjekk det 24 år til den neste boka kom ut. Frå 1949 kom det tre romanar, før forfattarskapen vart avslutta med novellesamlinga Mannen og natta (1970).

Alt han skriv, går føre seg i eit landskap som minner om Myrkdalen i Voss, der Bygd budde heile livet. Tre av romanane hans, trilogien Holmgang (1917), Valplassen (1921) og I hamskifte (1949) skildrar ei overgangstid i den oppdikta Dimdalen, med nabokranglar og store endringar i levemåtar. Bøkene er likevel langt meir enn bygdeskildringar. Dei inneheld svært gode personskildringar, ofte av personar som står åleine, og i bøkene sine tek Bygd opp spørsmål som makt kontra maktmisbruk eller rasjonalitet kontra irrasjonalitet. Det heile er skrive i eit formsikkert språk, og Bygd må reknast for å vere ein ordkunstnar.

Sjur Bygd fekk Kongens fortenestemedalje i 1976.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Agerholt, Anna Caspari: «Sjur Bygd : en vestlandsdikter» i Kirke og kultur 35 (1928), s. 482-494
  • Bukdahl, Jørgen: Det skjulte Norge, 2. utgave, 1981, s. 71-83
  • Gjerdåker, Johannes: «Eit 80-års minne : Sjur Bygd står fram som diktar» i Gamalt frå Voss 27 (1995), s. 105-118
  • Hellesnes, Nils: «Sjur Bygd – ein sermerkt forfattarprofil» i Syn og segn 47 (1941), s. 349-357, 453-465
  • Hellesnes, Nils: «Gamalt bygdemiljø i fokus før det fell. Sjur Bygd» i Gamalt frå Voss 4 (1972), s. 5-39
  • Johansen, Knut: «Sjur Bygd og realismen» i Bygd, Sjur: Mannen og natta, 1970, s. 7-22
  • Sørbø, Jan Inge: Nynorsk litteraturhistorie, 2018

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg