Kvelertak
Kvelertak i 2013

Kvelertak er ei rockegruppe frå Stavanger som syng på stavangerdialekt. Gruppa leikar med musikalske sjangrar og referansar til norrøn mytologi. Dei har vunne Spellemannprisen i kategoriane Rock og Metal.

Danning og gruppemedlemmar

Kvelertak vart danna i 2006 i Stavanger av Erlend Hjelvik (vokal), Vidar Landa (gitar), Bjarte Lund Rolland (gitar), Maciek Ofstad (gitar), Marvin Nygaard (bass) og Kjetil Gjermundrød (trommer). Landa og Nygaard speler òg saman i pop-pønkbandet Beachheads. I 2009 vart Maciek Ofstad ny gitarist etter Anders Mosness, som ville satse på det andre bandet sitt, Purified In Blood. I 2018 slutta frontfigur og vokalist Hjelvik i gruppa, og Ivar Nikolaisen tok til som ny vokalist. Året etter slutta Kjetil Gjermundrød som trommeslagar, og Håvard Takle Ohr kom inn i staden. I 2020 kom albumet Splid, det fyrste albumet med nye bandmedlemmar.

Gjennombrotet

Allereie i 2009 spelte Kvelertak på Roskildefestivalen. Same år gav dei ut singelen «Ordsmedar av rang», og debutalbumet Kvelertak kom i 2010, mellom anna med songen «Mjød». I 2013 gav dei ut albumet Meir og i 2016 albumet Nattesferd.

Debutalbumet Kvelertak frå 2010 gjorde dei i løpet av kort tid til eit av Noregs mest populære nye rockeband (3. plass og 30 veker på VG-lista), og dei fekk kjapt etablert eit rykte som eit fantastisk liveband. I tillegg har dei bygd opp ei stor interesse utanlands med jamleg turnéverksemd i Europa og USA. Singlen Mjød vart to veker på rad kåra til «vekas single» på BBC Radio.

Sjanger, form og tema

Kvelertak er ei rockegruppe, men med referansar til sjangrar som black metal, hardcore, punk, glam og norsk tradisjonsmusikk famnar musikken breitt. Med tre gitaristar er massive gitarriff eit særpreg ved musikken deira. Kvelertak har eit tekstunivers som hentar inspirasjon frå norsk mellomalder. Songar som «Ordsmedar av rang» (2009), «Blodtørst» (2009), «Undertro» (2013) og «Spring fra livet» (2013) leikar med namn, ord og uttrykk frå norrøn mytologi, som gjerne vert sette inn i ein moderne kontekst. Kvelertak syng på stavangerdialekt. Den norskspråklege songen har ikkje vore til hinder for at gruppa sel album og held konsertar på festivalar og konsertscener i Europa, Asia og USA

Utmerkingar

Kvelertak vann Spellemannprisen i kategorien Rock og i kategorien Årets nykomar i 2010. I 2013 vann dei Spellemannprisen for albumet Meir i kategorien Metal og i 2016 vann dei Spellemannprisen for albumet Nattesferd i kategorien Rock. Gruppa fekk eit stipend på ein million kroner frå Statoil (no Equinor) i 2011.

Album

  • Kvelertak (2010)
  • Meir (2013, Spellemannpris)
  • Nattesferd (2016, Spellemannpris)
  • Spild (2020)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Jon Vidar Bergan

Nå er det viktig å oppdatere artikkelen. Ivar Nikolaisen fra Silver og The Good The Bad and the Zugly er ny vokalist!

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg