Karl Bjørset

Faktaboks

Karl Bjørset

Karl Even Bjørset

Født
11. august 1854, Bergen, Vestland
Død
9. juni 1912

Artikkelstart

Karl Bjørset var norsk lærar og dialektforskar. Han studerte dialektar i Gudbrandsdalen og i Numedal i åra rundt 1900.

Bakgrunn

Karl Even Bjørset var fødd i Bergen i noverande Vestland. Han vart student 17 år gamal, tok andreeksamen ved universitetet i Kristiania i 1872 og lærareksamen ved universitetet i 1877. Dei første åra var han lærar i Bergen, i perioden 1886–1890 adjunkt i Molde, så klasselærar eit år i Trondheim, og frå januar 1891 adjunkt ved Drammens skole, der han var overlærar frå 1910.

Dialektforsking

Bjørset skreiv lærebøker i norsk og tysk. Han var oppteken av utviklinga av det norske språket og gav i 1911 ut Riksmaalets fornorsking. Nogen vink. I Bergens-åra var han konsertmeldar i Bergens Aftenblad og Bergensposten, og seinare gav han ut tolv songar med arrangement for piano.

I sommarferiane dreiv han gjerne med dialektstudium, i fleire år med universitetsstipend. Han gav ut studiar av målet i Sør-Lesja og Nord-Dovre (1900) og Nord-Rollag i Numedal (1902), så målprøver frå Numedal (1904) og til slutt ei framstilling av Øyer-målet (1910). Studiane vart prenta i årsmeldingane frå Drammen skole. Han etterlét seg manuskriptet «Ordsamling over målet i Lesje og Dovre».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Karl Bjørset: Riksmålets fornorsking. Nogen vink. Kristiania 1911
  • Karl Bjørset: Øier-målets lyd- og formlære. Drammen 1910

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg