Tove Ditlevsen

Faktaboks

Tove Ditlevsen

Tove Irma Margit Ditlevsen

Født
14. desember 1917
Død
7. mars 1976

Tove Ditlevsen

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Tove Ditlevsen var ein dansk forfattar. Med utgangspunkt i eigne livserfaringar formidla ho vanskelege tema på ein lett forståeleg måte.

Bakgrunn

Tove Irma Margit Ditlevsen var fødd i København i Danmark. Ho vaks opp i bydelen Vesterbro, som på den tida var prega av fattigdom og sosiale problem. Desse tilhøva forma oppveksten hennar og kom seinare til uttrykk i forfattarskapen. Ditlevsen fekk aldri noka utdanning, og som forfattar var ho sjølvlært. Ditlevsen tok sitt eige liv i 1976, 58 år gamal.

Forfattarskapen

I 1939 debuterte ho som lyrikar med diktsamlinga Pigesind. Flyktig kjærleik og angst for å misse nære personar stod sentralt i den tidlege diktinga hennar. Debutboka blei følgd opp med diktsamlinga Kvinnesind i 1955. Versa i Pigesind og i den seinare samlinga Lille verden (1942) er enkle, stillferdige uttrykk for forgjengelegdom og resignert lengsel.

Med diktsamlingane De voksne (1969) og Det runde værelse (1973) kopla Ditlevsen seg fri frå det tradisjonelle formspråket. I desse samlingane blei einsemd, angst og død sentrale motiv.

Det litterære gjennombrotet kom i 1941 med romanen Man gjorde et barn fortræd. I denne, og i andre romanar fram til 1960-åra, var det forsømte barnet eit hovudmotiv. Ditlevsen skreiv om overgrep, omsorgssvikt og fattigdom. Seinare i forfattarskapen blei kvinna si rolle i ekteskapet det mest tydelege temaet. Desse kjenslefylde psykologiske fortellingane er, i likskap med Ditlevsen sin lyrikk, prega av varsom forståing og bittert kjennskap til kvardagslege konflikter og problem.

Ditlevsen sine eigne ungdomsinntrykk frå København sine arbeidarkvarter vert nytta i minneromanen Barndommens gade (1943; filmatisert 1986 av Astrid Henning-Jensen), to bind erindringar (1967, samla utgitt i 1976 med tittelen Det tidlige forår) og i erindringsbindet Gift (1971).Også romanane Ansigterne (1968) og Vilhelms værelse (1975) har sterke sjølvbiografiske trekk.

Ditlevsen skreiv òg barnebøkene Annelise - tretten år i 1959 og Hva nå, Annelise? i 1960.

Utmerkingar

Ditlevsen fekk Tagea Brandts reiselegat i 1953, Emil Aarestrup-medaljen i 1954 og Ingrid Jespersens legat i 1966. Ho fekk Undervisningsministeriets barnebokpris i 1959 og Søren Gyldendal-prisen i 1971.

Bibliografi

Lyrikk

  • Pigesind (1939)
  • Lille verden (1942)
  • Kvindesind (1955)
  • Den hemmelige rude (1961)
  • De voksne (1969)

Romanar

  • Barndommens gade (1943)
  • Ansigterne (1968)
  • Vilhelms værelse (1975)

Forteljingar

  • Man gjorde et barn fortræd (1941)
  • For barnets skyld (1946)

Erindringar

  • Det tidlige forår. Erindringer i to bind. (Første bind 1967, samlet utg. 1976 med tittelen
  • Gift (1971)

Noveller

  • Den fulde frihed (1944)
  • Dommeren (1948)
  • Paraplyen (1952)
  • Den onde lykke (1963)

Barnebøker

  • Annelise - tretten år (1959)
  • Hva nå, Annelise? (1960)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Jens: Til døden os skiller: et portræt af Tove Ditlevsen, 1997
  • Ditlevsen, Tove: Tove Ditlevsen om sig selv. København 1975
  • Mogensen, Harald, red.: Om Tove Ditlevsen : en bog skrevet af venner og andre der kendte hende, 1976
  • Syberg, Karen: Tove Ditlevsen : myte og liv, 1997

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg