Nationen

Nationen

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Nationen er ei dagsavis i Oslo, grunnlagd i 1918, som kjem ut måndag til laurdag. Nationen er ei næringsavis for distrikta. Eigd av Tun Media. Sjefredaktør er sidan 2016 Irene Halvorsen.

Historie

Nationen har gjennom hundre år vore riksavisa for bøndene og Distrikts-Noreg. Frå ein høgreradikal periode i mellomkrigstida har avisa i seinare tiår dyrka rolla som motstemme mot sentralisering, fråflytting frå bygdene og EU‑medlemskap.

Dagsavisa Nationen blei grunnlagd som eit framhald av Landmandsposten (1896), og var hovudorganet til Landmandsforbundet/Noregs Bondelag og Bondepartiet/Senterpartiet. Avisa skulle arbeide for dei økonomiske, kulturelle og politiske interessene til bygdefolk, men ved å ta namnet Nationen var det ei erklært målsetjing å nå utover jordbruket og bøndene sine interesser. Saman med aksjonærane, knytte til bondeorganisasjonane, var tilgangen på småannonsar den økonomiske ryggrada til avisa i dei første leveåra. Ved sida av ein faglegpolitisk landbruksprofil har avisa særleg profilert seg innanfor generell distriktspolitikk og kultur (litteratur, teater og musikk).

Redaktør frå starten og fram til 1943 var Thorvald Aadahl, og i styret for avisa i mellomkrigstida sat Johan E. Mellbye, Aasmund Enger, Jon Sundby og seinare Nils Trædal og Gabriel Moseid – alle viktige personar i Bondelaget og Bondepartiet.

Redaktør Aadahl gav avisa eit antisosialistisk preg som legitimerte høgreradikale og fascistiske straumdrag innanfor bonderørsla i mellomkrigstida. Desse haldningane, og Nationen sin sterke motstand mot kriseforliket i 1935, førte til at leiinga i partiet prøvde å fjerne han som redaktør. Etter krigen blei Aadahl tiltalt for landssvik, men blei blankt frikjend. Først då Hans Holten tok over som politisk redaktør i 1945, blei avisa det lenge etterlengta talerøret for partileiinga. Frå 1963 til 1988 var Dagfinn Vårvik sjefredaktør, berre avbrote av periodar då han var statsråd eller partiformann.

Kampen om annonsekronene blei ein vesentleg faktor for at avisa installerte Mona-pressa i 1959, som var eit trykkjeteknisk samarbeid med Morgenbladet og blei rekna for å vere ei teknologisk nyhending for norsk industri og norsk presse. Den redaksjonelle profilen har vore striden for maktspreiing, nærdemokrati og mot sentralisering og fråflytting frå bygdene, og avisa har vore ei av dei få riksdekkjande avisene med ei klar nei til EF/EU‑haldning.

I 1986 gjekk avisa over til tabloidformat, nettavisa blei etablert i 2001 (etter at forsøk kom i gong ifrå 1997), og med omlegginga i 2005 kom utgivinga av helgemagasinet Helga. Som partipolitisk uavhengig dagsavis har Nationen halde seg unna dei store mediekonserna, og tyngdepunktet i eigarskapen til avisa er framleis organisasjonane innanfor landbrukssamvirket, gjennom Tun Media. Distriktsavisa for heile landet har slite med dyr distribusjon, ikkje minst etter kvart som bladportoen har stige. Ei tid vurderte Nationen å gå over til rein nettavis, men denne planen er inntil vidare lagd bort.

Opplag

År Opplag
1932 20000
1950 24212
1960 24809
1970 21947
1983 21648
1998 18311
2008 15670
2015 12385

Fakta

  • Første nr. 9.12.1918.

Redaktørar

  • Irene Halvorsen 2016-
  • Mads Yngve Storvik 2014–2016
  • Pernille Huseby 2013-2014 (konstituert)
  • Mari Velsand 2008–2013
  • Tove Lie 2005–2008
  • Tord Langmoen 2000–2005
  • Lars Olav Haug 1996–2000
  • John Kvadsheim 1993–1996
  • Erling Kjekstad 1993-95
  • Kjell Martin Børringbo 1991–1993
  • Osvald Magnussen 1988–1991
  • Martin Vårvik 1965–1971 (vikarierte som ansvarleg redaktør medan broren Dagfinn sat i Borten-regjeringa)
  • Dagfinn Vårvik 1963–1988
  • Erling Johnsen 1945–1963
  • Thorvald Aadahl 1918–1943

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg