Geir Pollestad

Faktaboks

Geir Pollestad
Født
13. august 1978, Hå, Rogaland
Av /Stortinget.

Artikkelstart

Geir Pollestad er jurist og stortingsrepresentant for Senterpartiet for Rogaland. Pollestad har vore ein profilert distriktspolitikar i arbeidd med kommunal-, sosial-, energi-, samferdsels- eller næringspolitikk.

Bakgrunn

Geir Pollestad er fødd i Jæren i Rogaland. Etter å ha fullført vidaregåande skuleBryne i 1997 studerte han økonomi i Stavanger i 1998–1999 og jus i Bergen i 1999–2006. Han arbeidde som advokatfullmektig i Projure Advokatfirma i 2006–2007.

Politisk karriere

Pollestad var politisk aktiv som student. Han var politisk nestleiar i Senterungdomen 2001–2003, visepresident i Nordiska Centerungdomens Förbund i 2003–2009 og leiar av Norsk Studentunion i Bergen i 2004–2005. Pollestad har vore medlem i Time kommunestyre sidan 2011.

Han har vore vararepresentantStortinget for Rogaland sidan 2001, møtte fast i 2009–2012, medan Magnhild Meltveit Kleppa var statsråd. Pollestad har vore fast representant sidan 2013. Han var medlem av arbeids- og sosialkomiteen i 2009–2012, energi- og miljøkomiteen i 2013–2014 og var frå 2014 til 2021 leiar av næringskomiteen.

I den raudgrøne regjeringa (2005–2013) hadde Geir Pollestad ulike oppgåver frå 2007. Først var han politisk rådgivar i Kommunal- og regionaldepartementet og deretter i Olje- og energidepartementet (2007–2008). I 2008 blei han statssekretær i det same departementet, før han flytta over til Samferdselsdepartementet i 2008–2009 og igjen i 2012–2013.

Pollestad har både i regjering og i opposisjon vore talsperson for distrikta og distriktsnæringane. Til dømes har han arbeidd mot å detaljstyre kommunesektoren og å endre strukturen i norsk landbrukspolitikk, og for å styrkje kommuneøkonomien, halde på NAV-kontor i distrikta, gjere det enklare å etablere småkraftverk og å byggje ut samferdselsløysingar i distrikta.

Geir Pollestad er frå 2021 styreleiar i Bryne Fotballklubb.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg