Magnhild Meltveit Kleppa

Faktaboks

Magnhild Meltveit Kleppa
Født
12. november 1948, Fister, Rogaland

Artikkelstart

Magnhild Meltveit Kleppa er tidlegare fylkesmann i Rogaland og tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp) frå Rogaland i 1993–2013. Meltveit Kleppa er tidlegare sosial- og helseminister i regjeringa Bondevik I, samt kommunal- og regionalminister og samferdselsminister i regjeringa Stoltenberg II.

Bakgrunn

Magnhild Meltveit Kleppa er fødd i Fister (no Hjelmeland) i Rogaland. Ho tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas i 1967, lærarutdanning ved Kristiansand lærerhøgskole (no Universitetet i Agder) i 1970, og studerte samfunnsfag, spesialpedagogikk og biologi ved Stavanger lærerhøgskole (no Universitetet i Stavanger) i 1979–1985. Ho arbeidde ved Jøsneset skule i 1967–1968, Jørpeland ungdomsskole i 1970–1971 og Hjelmeland skule i 1970–1992.

Politisk karriere

Meltveit Kleppa har lang erfaring frå riks- og lokalpolitikken. Meltveit Kleppa var kommunestyrerepresentant i Hjelmeland i 1979–1983 og 1985–1987, og var mellom anna leiar av helse- og sosialstyret i kommunen i 1984-1987. Ho var òg medlem av samferdselsstyret (1988–1991) og administrasjonsstyret i Rogaland (1992–1993). Meltveit Kleppa var leiar for Senterkvinnene i Rogaland i 1983–1987, landsstudieleiar for Senterkvinnene i 1987–1988 og leiar av Rogaland Senterparti 1987–1990. Ho var 2. nestleiar i Senterpartiet i 1991–1997.

Meltveit Kleppa var vararepresentant til Stortinget i 1989–1993 for Senterpartiet frå Rogaland. Ho var innvald som stortingsrepresentant i 1993–2013. Ho var parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet i 1993–1997 og i 2001–2005, deretter parlamentarisk leiar i 2005–2007. I si fyrste stortingsperiode i 1993–1997 var Meltveit Kleppa medlem av finanskomiteen på Stortinget. I 2000–2001 var ho medlem av kommunalkomiteen, der ho i 2001–2005 var leiar. Ho var medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2005–2007.

Meltveit Kleppa har vore statsråd fleire gongar i ulike departement. I 1997–2000 var ho sosial- og helseminister i Bondevik I-regjeringa. Ho var òg statsråd i regjeringa Stoltenberg II, der ho i 2007–2009 var ho kommunal- og regionalminister og 2009–2012 var samferdselsminister. Då ho gjekk ut av regjeringa i juni 2012, gjekk ho attende til finanskomiteen på Stortinget.

Magnhild Meltveit Kleppa takka nei til ny nomiasjon i samband med stortingsvalet 2013. Frå hausten 2013 til 2019 var Meltveit Kleppa fylkesmann i Rogaland.

Andre verv og utmerkingar

Ho var varamedlem i styret for Televerket i 1986–1993 og meddommar i Gulating lagmannsrett i 1987–1993. Meltveit Kleppa var medlem av representantskapet for Gjensidige Rogaland i 1988–1996, Gjensidige Liv i 1992–1997 og styremedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget i 2003–2006. Meltveit Kleppa er ei sterk talskvinne for nynorsk, både i regjeringa og andre delar av det politisk Noreg, og i 2009 fekk ho målprisen frå Noregs Mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg