Dalane Tidende

Halvdan Slettebøe (1904–1972) hadde vært redaktør i Egersundsposten før den tyske invasjonen i 1940, og han var redaktør i Dalane Tidende fra 1945–1972. Slettebø la sjelden skjul på sine meninger, slik som i dette intervjuet av Sigurd Jacobsen. Rogalands Avis 3. mars 1956: – Skal vi skrive vei eller veg? – Jeg skriver vei, men vegstell når det er ett eller annet offisielt organ som har veg i navnet sitt. Ellers vil jeg erklære min fulle enighet med Osmundsen (a) i Egersund bystyre, som i sin tid uttalte de meget rammende, ord; – Enten det heide grydå elle gryten, det e meg liga eins, bara der e någe i na! Iøvrig er det jo ikke så svært meget å bli krakilsk over – vi har forresten ikke så stor evne til å bli krakilske her i strøket. – Jamen vi har jo Halvdan Slettebøe. – Eg, nei eg e aldri krakilske, men eg e nære innpå av å te! Ellers har jeg det slik, at når jeg er kommet derhen, at jeg begynner å ta menneskene alvorlig, så stikker jeg av – til Italia, England, Frankrike eller et annet land.
Halvdan Slettebøe
Dalane Tidende.

Artikkelstart

Dalane Tidende er ei lokalavis i Egersund, grunnlagt 1885. Avisa kjem ut tre gonger i veka. Lokalavis for Dalane (Eigersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim kommunar). Eigd av Nordsjø Media AS. Ansvarleg redaktør: Gunnar Kvassheim.

Dalane Tidende er den eldste av dei noverande avisene i Rogaland. Avisa var eit barn av dei harde politiske kampane i 1880-åra, men er i dag eit samlande forum og talerøyr for regionen i søre del av fylket.

Historie

Under den politiske striden i 1880-åra blei Venstre-folk nekta spalteplass i den konservative Egersundsposten. Det blei teke initiativ til å stifte eit talerøyr for Venstre i Egersund, og typograf Johan Arnt Berg blei henta frå Stavanger for å stå for utgivinga. Dalernes Tidende kom ut to gonger i veka frå 1885. Berg gjorde sjølv praktisk talt heile arbeidet med avisa, både i redaksjonen og trykkjeriet. Avisa hadde si viktigaste utbreiing i Egersund, men formidla òg nyhende frå dei andre Dalane-kommunane og fekk trufaste abonnentar i landkommunane utanfor Egersund. Sjølv om spaltene glødde av politiske innlegg, var det eit tungt arbeid å drive avis. Berg blei sjuk og døydde året etter den første utgivinga.

Ny redaktør og etter kvart eineeigar blei typograf Anton Lorentzen frå Bergen, som dreiv avisa fram til 1933. Då overtok sonen Olaf Lorentzen. I 1941 blei avisa stoppa. 15. mai 1945 starta ho opp att, men alt 15. oktober overtok Halvdan Slettebøe som redaktør, og avisa erklærte seg no som partipolitisk uavhengig. For å sikre kapital til vidare drift blei avisa same året omdanna frå familieaksjeselskap til eit aksjeselskap med 30 aksjar og med det formålet å tene Egersund og Dalane sine interesser.

I 1955 flytta avisa frå Egersund by til nye lokale på Eie i landkommunen Eigersund. Ny setjemaskin blei kjøpt saman med ei brukt Duplex flatpresse, noko som gjorde det mogleg å auke sidetalet frå fire til åtte. I 1979 blei det lagt om til offset. Dette året fekk avisa installert nye trykkverk, som sidan er utvida fleire gonger. I 2003 endra avisa format til tabloid.

Dei første åra av historia er prega av innbitt politisk kamp mot konkurrenten Egersundsposten. Spesielt var kampen for det reine norske flagget prega av sterke og ofte personlege utfall mot meiningsmotstandarar. Etter at unionsstriden var over, heldt avisa fram som eit talerøyr for Venstre og med stadige angrep på konkurrenten Egersundsposten. Med berre redaktøren som redaksjonell medarbeidar blei avisa prega av utklipp frå utanbys aviser, kombinert med eit lokalt preg. Etter at avisa blei åleine på arenaen frå 1945, blei det lokale stoffet stadig meir viktig. Alf. L. Barstad overtok som redaktør frå 1973, og etter dette forsvann dei personlege karakteristikkane av motstandarar. Også utanriksnyhenda blei fjerna, og avisa har sidan reindyrka ein lokal profil.

Med utgangspunkt i Dalane Tidende og Jærbladet er det bygd opp eit frittståande lokalt konsern, Nordsjø Media AS, som eig ni aviser i Rogaland og Vest-Agder. Avisene blir trykte i Dalane Tidende sitt trykkjeri.

Opplag

År Opplag
1920 1500
1932 2000
1950 3156
1960 3504
1970 3904
1983 6448
1998 8291
2008 8418
2015 7549

Lesartal

Totale lesartal for papir og digitalt, inkludert ope innhald ein gjennomsnittsdag i 2015, var 17 000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Fakta

  • Fyrste utgåve med namnet Dalernes Tidende 3.1.1885.
  • Skifta namn til Dalane Tidane 3.7.1934.
  • Foreløpig siste numer 9.4.1941.
  • Fyrste nummer etter krigen 15.5.1945.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg