Jærbladet

Logo
Av .
Jærbladet 13.04.2022
Av .

Artikkelstart

Jærbladet er ei lokalavis som kjem ut på Bryne. Avisa vart grunnlagd i 1949 og er eigd av Amedia etter at dei kjøpte opp Nordsjø Media AS i 2018. Jærbladet dekkjer kommunane , Time og Klepp.

Frå starten av hadde avisa mykje nynorsk, no òg ein del bokmål. Avisa har hatt tabloidformat sidan 2004.

Historie

Jærbladet vart skipa i 1949, med nynorsk som dominerande målform. Jærbladet vart skapt for eit jordbruksdistrikt med innslag av landbruksbasert industrielt entreprenørskap som vaks kraftig med oljeøkonomien frå 1970-åra. Redaktør og skipar var Jon Fatnes, som nokre år hadde vore Sandnes-korrespondent for Stavanger Aftenblad, og som i 1936 hadde grunnlagt avisa Hallingdølen i Ål i Hallingdal.

Kommunane Time, og Klepp er det sentrale nedslagsfeltet, men avisa har etter kvart også strekt seg mot Sola og Sandnes. Til å byrje med var det historiske artiklar og nyhende som fylte sidene, ved sida av annonsar. Etter kvart vart stofftilfanget meir variert. Både kultur og sport fann sin plass i spaltene, overskriftene vaks, bileta vart større og lesarbreva fleire. Nynorsk har heile tida vore den dominerande målforma, og avisa har frå starten av vore politisk nøytral.

Fatnes var redaktør til han døydde i august 1979. Nokre månader seinare tok Jostein Fylling over redaktørstolen og vart sitjande til 1995. Deretter følgde Ivar Rusdal fram til 2008. Jærbladet byrja med éin skrivande medarbeidar, som òg var redaktøren. I jubileumsåret 1999 hadde avisa ni journalistar, redaktøren medrekna, og 18 tilsette i marknadsavdeling, elektronisk produksjon og ekspedisjon.

Den første tida vart Jærbladet prenta på ei lita presse hos bokhandlar Jonas Jørstad på Bryne. Seinare skjedde trykkinga hos Jærprent AS, som midt i 1950-åra fekk ei flatrotasjonspresse som gjorde det mogleg å utvide sidetalet frå fire til åtte. I 1974 gjekk avisa over til offset i Rogalands Avis, og frå 1995 har Jærbladet vore prenta hos Dalane Tidende i Egersund. Frå 1. september 1986 kom avisa ut tre gonger i veka. I 2004 gjekk ho over til tabloidformat. Driftsselskapet engasjerte seg også i andre avisutgivingar i distriktet.

Opplag

År Opplag
1970 4 000
1979 8 000
1983 11 616
2008 13 264
2015 12 839
2020 13 458

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir netto brukt opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Jærbladet: prøvenr. 21.10.1949, ordinære nr. frå 3.12.1949.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gudleiv Forr: «Jærbladet», i Idar Flo (red.): Norsk presses historie, bd. 4. Oslo 2010
  • Jostein Fylling: Avisa på Jæren. Jærbladet 50 år. 1949–1999. Bryne 1999
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg