Faktaboks

Ayn Rand

Alisa Zinovyevna Rosenbaum (fødenavn)

Алиса Зиновьевна Розенбаум (russisk)

Alice O'Connor (registrert navn i USA)

Uttale
rænd
Fødd
2. februar 1905, St. Petersburg, Russland
Død
6. mars 1982, New York City, USA
Ayn Rand, 1957
Ayn Rand i New York, 1957.
Ayn Rand, 1957
Av /Getty Images.

Ayn Rand var ein forfattar frå USA, fødd i dagens St. Petersburg i Russland. Ho skreiv filmmanus og eigne teaterstykke, men er for all ettertid først og fremst kjent som romanforfattar og for å ha utvikla ein filosofi ho kalla «objektivisme». Romanane Kildens utspring (1943) og De som beveger verden (1957) har hatt stor innverknad på politisk tenking og er blant dei mest selde og mest lesne i amerikansk litteratur til alle tider.

Det er tett samanheng mellom Rands politiske og filosofiske overtyding og romanane. Dei kan lesast som eit forsvar for rasjonalitet, individualisme, fridom og kapitalisme og eit åtak på alt som handlar om kollektivisme, som felles velferdsordningar og statleg regulering og kontroll. Økonomisk liberalisme blir sterkt framheva. Både i og utanfor romanane stod det anti-kommunistiske sterkt, noko som heilt klart hadde bakgrunn i forfattaren sine eigne opplevingar i tida etter revolusjonen i Russland i 1917.

Bakgrunn

Ayn Rands fødenamn var Alisa Zinov'yevna Rosenbaum. Då ho vart fødd i 1905, heitte fødebyen Petrograd og var hovudstad i tsarriket Russland. Ho voks opp i ein borgarleg apotekarfamilie og var nær venn av dottera til den kjende forfattaren Vladimir Nabokov. I samband med oktoberrevolusjonen i 1917 opplevde ho som tolvåring at faren mista apoteket, og familien søkte tilflukt på Krym-halvøya. Etter borgarkrigen flytta dei tilbake fødebyen, som no heitte Leningrad, der dei levde under vanskelege økonomiske forhold.

Revolusjonen gav også nye moglegheiter, og kvinner fekk tilgang til utdanning. Rand byrja ved Leningrad-universitetet i 1921 og tok ei historiegrad i 1924. Deretter studerte ho film ved ein nyleg oppretta statleg filmskule i Leningrad. At ho allereie hadde ei dragning mot Hollywood, viser ein pamflett ho laga om Hollywood-film. I 1926 reiste ho til New York under påskot av å besøkje slektningar, men vart verande og busette seg i Los Angeles og jobba i Hollywood med ulike oppdrag som manusforfattar og statist. Her møtte ho skodespelaren Frank O'Connor på eit filmsett, og dei gifta seg same år. Ho vart amerikansk statsborgar i 1931.

Forfattarskap

Ayn Rand i 1936
Ayn Rand i 1936
Av /Getty Images.

Debut

Rands første litterære arbeid var eit filmmanus som aldri vart til nokon film, medan det første teaterstykket hennar, Night of January 16, derimot vart oppført både i Hollywood og på Broadway. Andre arbeid frå den tidlege perioden heldt fram med å vera lenge upubliserte, men noko er gitt ut av arvingane etter hennar død. Rands første roman, We the Living (1936), er lagd til Sovjetunionen og har sjølvbiografiske trekk. Romanen vart gitt ut på nytt etter at forfattaren hadde hatt gjennombrotet sitt, og vart då ein bestseljar. Ein kort-roman, Anthem (1938), fekk same lagnad, og ei revidert utgåve frå 1959 selde enormt godt.

The Fountainhead

Som skjønnlitterær forfattar har Rand sikra seg eit namn for ettertida med utgivingane av Kildens utspring (originaltittel The Fountainhead) og De som beveger verden (originaltittel: Atlas Shrugged). Den første av desse tok det ifølgje forfattaren sju år å skrive, og det viste seg nesten umogleg å finne nokon som ville gi han ut. Hovudpersonen i romanen er den unge arkitekten Howard Roark, som teiknar modernistiske bygningar og kjem på kant med arkitektmiljøet som ikkje ønskjer eksperimentering og fornying, men held fast på det gamle. Roark må kjempe mot mange ulike krefter som ikkje vil la det individuelle talentet sleppe til. Men boka gjorde forfattaren berømt og økonomisk uavhengig – også fordi ho vart til film basert på Rands eige manus i 1949. Denne romanen vart avgjerande for at Rand vart aktiv samfunnsdebattant, og ho danna si første gruppe for å fremja «objektivismen» i New York i 1951.

Atlas Shrugged

De som beveger verden
Atlast Shrugged, på norsk De som beveger verden
De som beveger verden
Av .

Den største av romanane hennar, både i omfang og gjennomslag hos gamle og nye lesarar, er Atlas Shrugged. Romanen vart gitt ut i 1957 og inneheld det meste av det ein kunne kalle hennar testamente til ettertida. Romanen kan kallast ein dystopi som viser eit USA øydelagt av statleg innblanding i det meste og ein velferdsstat som gjer at berre nokre få skaper det som verkeleg betyr noko og fører samfunnet framover. Desse einarane trekkjer seg tilbake, går til streik og stansar nærast verda ved at dei mest kreative og produktive menneska plutseleg ikkje ber dei andre på skuldrene sine. I staden gjer dei det einaste rette, slik hovudpersonen John Galt gjer det: følgjer den høgaste moralen, som er eigeninteressa.

Mottaking

Romanane The Fountainhead og Atlas Shrugged er blant dei mest lesne i amerikansk litteratur til alle tider, og dei sel framleis godt 60 år etter at dei vart gitt ut. Dei har ei spesiell betydning for mange politikarar på høgresida. I Noreg har mellom anna Siv Jensen og Torbjørn Røe Isaksen fortalt at dei har late seg inspirere av Rands bøker.

Blant litteraturkritikarar og innanfor akademiske institusjonar har bøkene likevel sjeldan vorte vurderte særleg høgt. Det har vorte sett spørjeteikn ved den litterære kvaliteten på bøkene, ikkje minst Rands evne til å framstille truverdige skikkelsar, men det var like ofte usemje omkring spørsmål av ideologisk karakter som førte til negativ mottaking av dei store romanane hennar.

Objektivisme

Ifølgje Rands filosofiske teori er alle genuine prestasjonar resultat av individuelle evner og ytingar. Eit politisk og økonomisk system organisert etter prinsippet om laissez-faire er best eigna til å vareta evnene til individa, ifølgje Rand. Teorien hevdar vidare at rasjonell egoisme er ein dyd, medan altruisme er eit vonde.

Resten av livet brukte Rand til å skrive essay, gi ut tidsskrift, førelesa og debattere. Ho oppnådde stor popularitet blant tilhengjarane sine. Politisk stod ho langt til høgre og var til dømes ein ivrig støttespelar då Barry Goldwater stilte som presidentkandidat i 1964.

I dei siste åra av Rands liv kom det til brot med mange tidlegare meiningsfellar, og det omfattande arbeidet med å vidareutvikle hennar eigen filosofi stoppa opp.

Utgivingar

  • We the Living (1936)
  • Anthem (1938), på norsk som Høysang (1984)
  • The Fountainhead (1943), norsk omsetjing: Kildens utspring (1949, 1982, 1994 og 2014). Omsett av Johan Hambro.
  • Atlas Shrugged (1957), norsk omsetjing: De som beveger verden (2000 og 2010). Omsett av John Erik Bøe Lindgren.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Leonard Peikoff, Objectivism. The Philosophy of Ayn Rand (1991)

Eksterne lenkjer

Kommentarar (3)

skreiv John Erik Bøe Lindgren

Ja, jeg har oversatt De som beveger verden, men ikke til? Av, kanskje? (Parentesen helt nederst i artikkelen.)

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg