Andris Eivindsson Vang

Faktaboks

Andris Eivindsson Vang
Født
27. mai 1795, Baggetun i Vang, Oppland (no Innlandet)
Død
3. oktober 1877, Lund i Vang, Oppland (no Innlandet)

Artikkelstart

Andris Eivindsson Vang var skulemann, forfattar og folkeminnesamlar, og var den første i Noreg som samla folkeminne og gav dei ut på dialekt. Den første boka hans kom ut i 1850, tre år før Ivar Aasens Prøver af Landsmaalet.

Bakgrunn

Andris Eivindsson Vang var fødd i Vang i Valdres og døydde same staden. Han var gjetargut i prestegarden frå han var tolv, og der fekk han undervisning av presten. Elles var omgangsskulen den einaste utdanninga han fekk. I 1817 vart Eivindsson Vang tilsett som skulemeister i Vang. I tillegg var han ein drivande husmann, kjøkemeister og tradisjonssamlar. Ei tid var han òg klokkar i Vang.

Eivindsson Vang var ein dyktig songar og var mykje brukt som kjøkemeister både i barsel, bryllaup og gravøl. «Bryllupsskikke i Valdres» var det første han fekk på trykk – i Skilling-Magazin i 1848.

Forfattarskapen

Tidleg begynte Eivindsson Vang å skrive ned eventyr, segner, risper og regler – på dialekt. Først då han hadde slutta som skulemeister i 1847, fekk han tid til å gi ut materialet. Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris, en Samling af Fortællinger, Sagn og Eventyr kom ut i 1850. Det var den første folkeminnesamlinga på dialekt, og Ivar Aasen rosa samlinga sterkt. I 1871 kom Gamla Segner fraa Valdres, og i 1915 Fraa Valdres (utgitt av O.K. Ødegaard).

På ei ferd til Kristiania i 1847 vart Eivindsson Vang kjend med komponisten og folkemusikksamlaren L.M. Lindeman, og Lindeman skreiv ned 86 salmar, 83 viser og 13 langeleiklåttar etter han. Eivindsson Vang er gravlagd ved Vang kyrkje. Lærar og forfattar Hallvard Bergh fekk reist ein minnestein på grava hans, med støtte frå mellom andre Ivar Aasen, Sophus Bugge og L.M. Lindeman. Andris Eivindsson Vang-stova frå 1831 står i dag på Valdres Folkemuseum, Fagernes i Nord-Aurdal.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • J.E. Nielsen: Gamla Segner fraa Valdres etter Uppskrift av Andres Eivindsson Vang. Christiania 1871.
  • Knut Hermundstad: «Andris Eivindsson Vang», Norsk allkunnebok, bd. 10. Oslo 1964
  • Knut Hermundstad (skriftstyrar): Andris Eivindsson Vang og verket hans. Eit 100-års skrift.
  • O.K. Ødegaard: Fraa Valdres. Upptekna umlag 1850 taa Andris Eivindsson Vang. Kristiania 1915.
  • Olav Gullik Bø (red.): Arvegull. Andris Vang og livsverket hans. Vang kommune 1995.
  • Nils Oddvar Bergheim: Folkeminnesamlaren Andris Vang. Oslo 1974.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg