Faktaboks

Margrete Eriksdotter

Margrete Eriksdatter, Margareta Eriksdotter

Fødd
1155, Sverige
Død
1209, Oslo
Gravlagd stad
truleg Oslo
Levetidskommentar
omtrentlig fødselsår
Verke
Dronning
Familie

Foreldre: Kong Erik Jedvardsson «den heilage» av Sverige (død ca. 1160) og dronning Kristina Björnsdotter (levde 1158).

Gift 1185 med kong Sverre Sigurdsson (ca. 1150–1202).

Mor til Kristin Sverresdotter (død 1213); stemor til Håkon 3. Sverresson (før 1185–1204); vermor til Filippus Simonsson (død 1217); tremenning til Nikolas Arnesson (ca. 1150–1225).

Margrete Eriksdotter var svensk kongsdotter og norsk dronning. Ho var dotter av den svenske kong Erik den hellige. I 1185 vart ho gift med kong Sverre Sigurdsson, og saman fekk dei dottera Kristin.

Særleg den lengre versjonen av Baglarsagaen skildrar Margrete som vondskapsfull og intrigant.

Tilhøvet mellom Margrete og stesonen Håkon Sverresson var svært anstrengt etter at Sverre døydde og Håkon vart konge. Då Håkon plutseleg vart sjuk og døydde 1. nyttårsdag 1204, vart Margrete skulda for å ha forgifta han. For å fri seg frå mistanken lot ho ein mann bære jern for seg. Han vart sterkt forbrent og difor drukna av kongsmennane. Margrete flykta til Sverige.

Ho døydde i Oslo like etter Kristins bryllaup med baglarkongen Filippus Simonsson.

Ekteskap med Sverre

Sverre Sigurdsson tok opp kampen med Magnus Erlingsson om det norske kongedømet frå 1177. I kampen om trona var den støtta Sverre fekk frå vestsvenske stormenn og frå den svenske kongen Knut Eriksson særs viktig. Det er i dette perspektivet ein må sjå ekteskapet mellom kong Sverre og Margrete, som var søster til svenskekongen Knut. Margrete er berre sporadisk omtala i Sverris saga, mest utførleg i samband med eit angiveleg forsøk frå Nikolas Arnesson (Margretes tremenning) på å bli biskop i Stavanger. Alt her har omtalen av dronninga eit mistankens skjær over seg.

Mistenkt for drap

Etter kong Sverres død i mars 1202 reiste Margrete attende til Sverige. Da hadde sveithøvdingen Peter Støype lurt frå henne dottera Kristin, som han overgav til halvbroren Håkon Sverresson som nå var blitt konge i Noreg. Denne hendinga er dramatisk utpensla i Baglarsagaen, og Margretes forbanning over barnerøvarane fungerer som eit litterært varsel om Håkon Sverressons brå død halvtanna år seinare. Gjennomgåande i den lengre versjonen av soga er Margrete skildra med mørk pensel: eit utakknemleg menneske, med vond vilje og vond hug.

Denne karakterteikninga toppar seg i skildringa av Håkon Sverressons julegilde i Bergen i 1203. Etter innbyding frå kongen kom Margrete attende til Noreg hausten 1203, og frå Austlandet følgde ho Håkon til Bergen. Soga skildrar detaljert korleis kongen prøver å vise enkedronninga ære og oppvarting; ho på si side svarar med å vere fåmælt, tverr og uvennleg. Det er tydeleg konstellasjonen den gode mot den vonde som her blir personifisert. Som kasteball i striden mellom dei to står barnet Kristin Sverresdotter.

Håkon Sverresson vart sjuk i julehelga og døydde natt til nyårsdag 1204. Mistanken om at han var forgifta av enkedronninga kom opp straks etter. Jernbyrden som skulle fri henne og medarbeidarane hennar frå mistanken, var mislykka. Med hjelp frå jarlen Håkon Galen kom ho seg til slutt attende til Sverige, etter ei strevsam ferd over Sogn og Valdres. Dottera Kristin må ha blitt igjen i Noreg.

Dotteras ekteskap

Da Kristin Sverresdotter i 1209 gifte seg med baglarkongen Filippus Simonsson i Oslo, kom Margrete tilbake frå Sverige og deltok i bryllaupet. Straks etter vart ho sjuk, og døydde få veker etter. Saman med meldinga om dødsfallet vert det opplyst at Margrete hadde mykje gods, eigedom og formue i Värmland og Västergötland. Sversonen Filippus dro straks austover og sikra desse verdiane for arvingen, Kristin Sverresdotter.

Les meir i Store norske leksikon

Kilder og litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg