Hankjønn er eit genus (grammatisk kjønn) som har namnet sitt etter det biologiske kjønnet hankjønn. Norske substantiv med genuset hankjønn er mellom anna gut, mann, hest, bil og by. Ein kallar det òg maskulinum.

Faktaboks

Etymologi
hankjønn er ei omsetjing av latin genus masculīnum
Også kjend som

maskulinum, forkorta mask. eller m.

Kvifor heiter det «hankjønn»?

Dette genuset blir kalla hankjønn fordi substantiv som viser til menneske og dyr med det biologiske kjønnet hankjønn, som regel har dette genuset: gut, son, bror, okse, hingst. For dei fleste substantiv med genuset hankjønn er likevel biologisk kjønn irrelevant og grunnen til at dei han dette genuset, verkar vilkårleg. I norsk gjeld dette til dømes bil, by, stein, veg, kjærleik og sennep.

Kvifor heiter det grammatisk «kjønn»?

Grunnen til at vi brukar ordet kjønn i både grammatikken og biologien, er vilkårleg og eigentleg villeiande. Desse to bruksmåtane av ordet kjønn har ingenting med kvarandre å gjere. Språkbruken er overteken frå antikk latinsk og gresk grammatikk. Det latinske ordet genus og det greske génos (γένος) har desse to tydingane, i tillegg til mellom anna 'ætt', 'slag, art' og 'folkeslag'.

Dersom eit språk har genuset hankjønn, har det også genuset hokjønn. Mange språk har i tillegg genuset inkjekjønn. I nokre norske dialektar har hankjønn og hokjønn falle saman i eitt genus, som ein kallar felleskjønn (genus commune eller utrum).

Hankjønn i norsk

Det som viser om eit norsk substantiv har genuset hankjønn, er determinativ, adjektiv som kongruerer (blir samsvarsbøygde) med substantivet i genus:

  • Hankjønn: ein liten bil; bilen min
  • Hokjønn: ei lita fil, fila mi
  • Inkjekjønn: eit lite hus, huset mitt

Skilnader på nynorsk og bokmål

På nynorsk og dei fleste norske dialektar viser hankjønn seg også i pronomena:

  • Hankjønn: Ser du den bilen som står der borte? Han er min.
  • Hokjønn: Ser du den boka som ligg på bordet? Ho er mi.
  • Inkjekjønn: Ser du det huset der borte? Det er mitt.

På bokmål er det ikkje slik. Der brukar ein den i både hankjønn og hokjønn:

  • Hankjønn: Ser du den bilen som står der borte? Den er min.
  • Hokjønn: Ser du den boka som ligg på bordet? Den er mi.
  • Inkjekjønn: Ser du det huset der borte? Det er mitt.

På bokmål kan ein bruke felleskjønn i staden for hankjønn og hokjønn:

  • Felleskjønn: Ser du den bilen som står der borte? Den er min.
  • Felleskjønn: Ser du den boka/boken som ligg på bordet? Den er min.
  • Inkjekjønn: Ser du det huset der borte? Det er mitt.

I dette systemet med felleskjønn er ikkje endingane -en og -a i bunden (bestemt) eintal eit merke på grammatisk kjønn, men på to ulike bøyingsklassar.

Ved menneske og nokre dyr skil bokmål mellom han og hun, men ikkje ut ifrå genus, men biologisk kjønn.

Hankjønn i andre språk

Hankjønn finst ved sida av hokjønn og inkjekjønn i nokre indoeuropeiske språk og i khoekhoegowab (nama, hottentottisk), eit språk i det sørlege Afrika.

Hankjønn finst ved sida av berre hokjønn i andre indoeuropeiske språk (som dei romanske) og i afroasiatiske språk (som hebraisk, arabisk, amharisk, somali, koptisk, tamazight og hausa).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg