Kåre
Kjende personar med namnet Kåre
Eit utval personar med namnet Kaare, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Kaare Espolin Johnson (1907–1994)
- Kåre Korneliussen (1916–1980)
- Kåre Berven Fjeldsaa (1918–1991)
- Kåre Tveter (1922–2012)
- Kåre Willoch (1928–2021)
- Kåre Lunden (1930–2013)
- Kåre Kivijärvi (1938–1991)
- Kåre Valebrokk (1940–2013)
- Kåre Reidar Aas (1955)
- Kåre Ingebrigtsen (1965)
- Kåre Conradi (1972)
- Kåre Nymark Jr. (1974)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kaare og Kåre (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Mens dei fleste namna på -e hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, var desse mest brukte tidleg på 1900-talet: Arne, Bjarne, Kåre/Kare, Magne, Sverre og Trygve.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Kaare var mest brukt i Kristiania, Hedmark og Sør-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også nokre få belegg på Kåre på 1800-talet.)
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.