Kåre Valebrokk

Faktaboks

Kåre Valebrokk
Født
17. desember 1940, Kristiansand
Død
9. februar 2013, Oslo

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Kåre Valebrokk
Av /NTB Scanpix ※.

Kåre Valebrokk

Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Kåre Valebrokk var redaktør, journalist og forretningsmann. Som sjef i avisa Dagens Næringsliv og seinare i TV 2 var Valebrokk ein av dei viktigaste og mest markante redaktørane i sin generasjon. Han innførte gravejournalistikken og fornya næringslivsjournalistikken.

Bakgrunn

Kåre Valebrokk var fødd i Kristiansand. Etter examen artium ved Oddernes interkommunale høyere almenskole i 1960, tok han eksamen som diplomøkonom ved Bedriftsøkonomisk Institutt (BI) i Oslo og begynte i Morgenbladet som redaksjonsassistent. I 1979 tok han til å skrive for VG, Økonomisk Rapport, Farmand og Kapital og blei seinare vaktsjef i VG.

Redaktørkarriere

Dagens Næringsliv

I 1984 blei han sjefredaktør i det som då heitte Norges Handels- og Sjøfartstidende. I 1987 fekk avisa namnet Dagens Næringsliv. Under Valebrokk si redaktørtid vann avisa nokre av dei mest prestisjetunge journalistiske prisane. Han stod i spissen for ei fornying av næringslivsjournalistikken i Noreg. Valebrokk innførte gravejournalistikken og var svært maktkritisk. Han blir hugsa for utsegna «En dyktig journalist skal lukte pils etter lunsj.»

Med spalta «Uten filter» var han ein særprega og viktig samfunnsdebattant, alltid med elegante formuleringar og glimt i auga. Han starta dei to nisjepublikasjonane Trade Winds (shipping) og Upstream (olje). Opplaget i Dagens Næringsliv auka frå 18 000 til 69 000 under Valebrokk.

TV 2

Han blei sjefredaktør og administrerande direktør i TV 2 i 1999 og var med på å utvikle kanalen med fleire digitale plattformar til eit komplett mediehus. Valebrokk satsa tungt på seriøs journalistikk, og han framelska kvalitet og debatt. TV 2 kjøpte Nettavisen i 2003 og radiokanalen Kanal 24 i 2006. Og Valebrokk stod òg bak hjartebarnet Nyhetskanalen, som kom i 2007. Etter avgangen same året var Valebrokk skribent for mellom anna Aftenposten fram til 2012.

Valebrokk var medlem av både Riksmålsforbundet og Noregs Mållag.

I 1997 fekk han Gullpennen for laurdagskommentarar sine.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eide, Martin (2000): Den redigerende makt. Redaktørrollens norske historie. Oslo: Cappelen Damm
  • Rossavik, Frank (2013): En god story. En biografi om Kåre Valebrokk. Oslo: Spartacus
  • Wiedswang, Kjetil (2003): Kåre Valebrokk. Et portrett uten filter. Oslo: Genesis

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg