Artikkelstart
Kåre Lunden var historikar og forskar. Som uredd debattant med kvasse synspunkt og klar til å stille spørsmål ved etablerte sanningar var han blant dei mest markante norske historikarane i etterkrigstida.
Kåre Lunden blei fødd i Naustdal i Vestland. Han tok examen artium ved Firda landsgymnas i 1950 og vart uteksaminert som sivilagronom ved Norges landbrukshøgskule i 1957. I 1965 vart han cand.philol. med hovudfag i historie. Lunden arbeidde ved Norsk lokalhistorisk institutt frå 1964 og ved Norges lærerhøgskole i Trondheim frå 1966. Frå 1971 var han tilsett ved Historisk institutt ved Universitetet i Oslo, først som lektor og frå 1976 til 1997 som professor, seinare som professor emeritus.
Lunden hadde sosiale og økonomiske tilhøve i mellomalderen som hovudforskingsfelt, men engasjementet hans femna mykje vidare enn det. Han var svært aktiv i fagdebattar, men gjekk heller ikkje av vegen for å ta del i allmenne politiske ordskifte om mellom anna EU, om nasjonalstaten, om norsk målreising, om Gro Harlem Brundtland og om kvinnekamp. Innlegga hans i slike ordskifte var oftast merkte av at han brukte historiske hendingar som døme for å seie noko om samtida og framtida. I 2005 talde bibliografien til Lunden 540 titlar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.