Språklova er ei norsk lov med føremål å styrkje norsk språk og fremje likestilling mellom dei norske språka bokmål og nynorsk. Lova gir òg vern og status til dei andre språka i Noreg som staten har ansvar for. Dette gjeld samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. 

Faktaboks

Fullt namn
lov om språk
Kortnamn
språklova
Tredd i kraft
1.1.2022
Lovdata-ID
NL/lov/2021-05-21-42

Språklova avløyste mållova frå 1981.

Innhaldet i lova

Føremål og verkeområde

Språklova har som føremål at norsk skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet, og skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for. Språklova skil mellom at dei norske skriftspråka og urfolksspråka skal «brukast, utviklast og styrkjast», medan dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk skal «vernast og fremjast».

Lova gjeld for staten, fylkeskommunane og kommunane, i tillegg til andre rettssubjekt der desse er direkte eller indirekte avsendar.

Norsk språk

Språklova § 4 slår tydeleg fast at norsk er hovudspråket i Noreg, og at offentlege organ skal «bruke, utvikle og styrkje» norsk språk. Føremålet med lova er slik å sikre norsk som eit samfunnsberande språk. Det er medvite valt «styrkje» i språklova, då målet er at norsk skal stå sterkare som språk enn det gjer i dag.

Bokmål og nynorsk

Paragraf 4 seier òg at «bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet». Språka er slik lovfesta som jamstilte skriftspråk med lik status i offentlege organ. Offentlege organ skal ta ansvar for å bruke, utvikle og styrkje begge språka, og slik fremje likestilling mellom nynorsk og bokmål. Språklova seier at nynorsk har særleg vern som «det minst bruka norske skriftspråket», og at offentlege organ difor har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk  

Språklova inneheld fleire reguleringar for bruken av og vekslinga mellom nynorsk og bokmål. Dette gjeld både for sentrale statsorgan, som departement, for regionale statsorgan, som statsforvaltaren, og for kommunane og fylkeskommunane. Reglane og reguleringane er lovfesta i språklova § 11 til 15 for desse offentlege organa.

Dei samiske språka 

Som urfolksspråk i Noreg har offentlege organ etter § 5 i språklova same ansvar for dei samiske språka som for bokmål og nynorsk. I Noreg er det dei tre samiske språka nord-, sør- og lulesamisk som det offentlege har plikt til å bruke, utvikle og styrkje. Språklova kjem ikkje med nye reglar for bruken av samisk, men viser til reglane i sameloven kapittel 3. 

Dei nasjonale minoritetsspråka og det nasjonale teiknspråket i Noreg 

Kvensk, romani og romanes har gjennom § 6 i språklova status som nasjonale minoritetsspråk i Noreg. Desse er likeverdige med norsk, og offentlege organ skal verne og fremje desse språka. Dei har plikt til å setje i verk tiltak for at språka skal verte brukt, og at språkbrukarane ikkje skal hindrast i å bruke språka.

Teiknspråkbrukarane i Noreg er definert som ein språkleg minoritet i språklova § 7. Norsk teiknspråk vert sett som eit fullverdig språk, og er likeverdig med norsk. Norsk teiknspråk har ifølgje språklova lik rett til vern og fremjing av offentlege organ som dei nasjonale minoritetsspråka.  Offentlege organ har ikkje same plikt til å bruke kvensk, romani, romanes eller norsk teiknspråk som dei har til å nytte samiske eller norske språk i si daglege drift. 

Dei skandinaviske språka 

Etter lova skal alle òg ha rett til å kontakte offentlege organ i Noreg på svensk eller dansk, men offentlege organ kan svare på norsk. 

Klart språk og offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk 

I § 9 er det slått fast at «offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa». «Korrekt språk» viser til at offentlege organ er forplikta til å bruke den «offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk». 

Statsorgan og fylkeskommunar skal ifølgje språklova sjå til at dei «har den nødvendige skrivekompetansen» til å kunne nytte både nynorsk og bokmål i tråd med språklova. Språkrådet er i språklova lovfesta som «statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk». Språkrådet skal òg sjå til korleis statsorgan følgjer reglane i språklova, i tillegg til å vere eit rettleiande organ. 

Historikk

Språklova tok til å gjelde 1. januar 2022 og avløyste mållova frå 1981. I likskap med mållova gjeld språklova for staten, fylkeskommunane og kommunane, i tillegg til andre rettssubjekt der desse er direkte eller indirekte avsendar. Eit stort skilje mellom mållova og språklova er at språklova ikkje berre omfattar bruk av nynorsk og bokmål i det offentlege, men har som føremål at norsk skal «kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg». Ein anna skilnad er at nynorsk og bokmål ikkje vert omtala som «målformer», slik som i mållova, men som «språk» og «skriftsspråk» i språklova. Språklova sikrar òg vern og status til dei andre språka i Noreg som staten har ansvar for, noko mållova ikkje gjorde.

Les meir i Store norske leksikon 

Eksterne lenker 

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg