oversorbisk

Artikkelstart

Oversorbisk er eit språk som høyrer til den sorbiske undergruppa av dei slaviske språka i den indoeuropeiske språkfamilien.

Faktaboks

Språkkoder
hsb (HSB)
ISO-639:3
hsb

Oversorbisk blir talt av om lag 15 000 menneske – av ei etnisk gruppe på 60 000 – i Oberlausitz i den tyske delstaten Sachsen, i områda der vi finn byane Bautzen, Kamenz og Hoyerswerda.

Sidan 1998 har oversorbisk status som eige språk, og som minoritetsspråk i Tyskland.

Hornjoserbšćina er det oversorbiske ordet for språket. Serb tyder 'sorbar'. Her er nokre viktige geografiske namn: Budyšin (Bautzen), Kamjenc (Kamenz) Wojerecy (Hoyerswerda), Hornja Łužica (Oberlausitz), Sakska (Sachsen) og Němska (Tyskland).

Språkfamilie

Nedersorbisk og oversorbisk utgjer ei sorbisk undergruppe av dei vestslaviske språka, som er ei undergruppe av den slaviske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Oversorbisk har eit ordtilfang som gjer at ein lett ser likskapen med andre slaviske språk, mellom anna polsk og tsjekkisk:

Oversorbisk Polsk Tsjekkisk Norsk
Dobry dźeń! Dzień dobry! Dobrý den! 'God dag!'
Dobre ranje! Dzień dobry! Dobré ráno! 'God morgon!'
Dobry wječor! Dobry wieczór! Dobrý večer! 'God kveld!'
Dobru nóc! Dobranoc! Dobrou noc! 'God natt!'

Språkhistorie

Nedersorbisk og oversorbisk står nær kvarandre, men har kvart sitt skriftspråk. På 1500- og 1600-talet blei alle tekstar skrivne på lokale dialektar, men på 1700-talet var det tre standardspråk att: nedersorbisk, oversorbisk for protestantar og oversorbisk for katolikkar. Ein nådde ikkje fram til eit sams oversorbisk skriftspråk før etter andre verdskrigen.

Lausitz er eit sumpområde i det sørlege Brandenburg og austlege Sachsen og tilgrensande delar av Polen, der det sidan folkevandringstida på 500-talet har budd sorbarar. Området fell i to skilde delar, Oberlausitz (oversorbisk Hornja Łužica), der det oversorbiske språket blir talt, og Niederlausitz (oversorbisk Delnja Łužica), der det nedersorbiske språket blir talt. På 1600-talet var det over 300 000 menneske som hadde eit sorbisk førstespråk.

Frå 1200- til 1500-talet undertrykte tyskarane dei sorbiske språka sterkt, og mange stader var det forbode å bruke sorbisk. På 1800-talet førte Preussen ein hard Eindeutschungspolitik 'fortyskingspolitikk'. I Weimar-republikken (1919–1933) fanst det ei eiga Wendenabteilung 'vender-avdeling' for undertrykkjing av sorbisk språk og kultur, som blei styrkt under Det tredje riket (1933–1945). Etter andre verdskrigen fekk sorbarane grunnlovsbaserte rettar til å bruke språket sitt, både i Aust-Tyskland og etter samanslåinga av Aust-Tyskland og Vest-Tyskland i 1990.

Språksystem

Nedersorbisk har sju kasus, som i desse eintalsformene av substantivet nano 'far':

Kasus Eksempel
nominativ nan
akkusativ nana
dativ nanej
instrumental nanom
lokativ nanje
vokativ nano

Dei sorbiske språka er dei einaste slaviske språka utanom slovensk som har eit levande skilje mellom eintal, total og fleirtal, som i ruka 'hand', ruce 'to hender' og ruki'fleire enn to hender'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg