nedersorbisk

Artikkelstart

Nedersorbisk er eit språk som høyrer til den sorbiske undergruppa av dei slaviske språka i den indoeuropeiske språkfamilien.

Faktaboks

Språkkoder
dsb (DSB)
ISO-639:3
dsb

Nedersorbisk blir talt av om lag 7000–14 000 menneske i og omkring byen Cottbus i Niederlausitz i den tyske delstaten Brandenburg. Dei fleste som snakkar nedersorbisk, er eldre folk.

Sidan 1998 har nedersorbisk status som eige språk, og som minoritetsspråk i Tyskland.

Dolnoserbski [ˈdɔlnɔsɛrskʲi] er det nedersorbiske ordet for språket. Døme på viktige sorbiske geografiske namn: Chóśebuz (Cottbus), Dolna Łužyca (Niederlausitz), Kraj Bramborska (Brandenburg) og Nimska (Tyskland).

Språkfamilie

Nedersorbisk og oversorbisk utgjer ei sorbisk undergruppe av dei vestslaviske språka, som er ei undergruppe av den slaviske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Språkhistorie

Nedersorbisk og oversorbisk står nær kvarandre, men har kvart sitt skriftspråk. På 1500- og 1600-talet blei alle tekstar skrivne på lokale dialektar, men på 1700-talet var det tre standardspråk att: nedersorbisk, oversorbisk for protestantar og oversorbisk for katolikkar.

Lausitz (nedersorbisk Łužyca, oversorbisk Łužica) er eit sumpområde i det sørlege Brandenburg og austlege Sachsen og tilgrensande delar av Polen, der det sidan folkevandringstida på 500-talet har budd sorbarar. Området fell i to skilde delar, Oberlausitz (oversorbisk Hornja Łužica, nedersorbisk Górna Łužyca), der det oversorbiske språket blir talt, og Niederlausitz (nedersorbisk Dolna Łužyca, oversorbisk Delnja Łužica), der det nedersorbiske språket blir talt. På 1100-talet byrja ei innvandring av tysktalande bønder, noko som utgjorde eit aukande trugsmål mot dei sorbiske språka.

Det sorbiske språkområdet var tidlegare mykje større. På 900-talet blei sorbisk talt heilt nord til der Berlin ligg i dag. Så seint som på 1600-talet var det over 300 000 menneske som hadde eit sorbisk førstespråk. Frå 1200- til 1500-talet undertrykte tyskarane dei sorbiske språka sterkt, og mange stader var det forbod mot bruk av sorbisk. På 1800-talet førte Preussen ein hard Eindeutschungspolitik 'fortyskingspolitikk'. I Weimar-republikken (1919–1933) fanst det ei eiga Wendenabteilung 'vender-avdeling' for undertrykkjing av sorbisk språk og kultur, som blei styrkt under Det tredje riket (1933–1945). Etter andre verdskrigen fekk sorbarane grunnlovsbaserte rettar til å bruke språket sitt, både i Aust-Tyskland og etter samanslåinga av Aust-Tyskland og Vest-Tyskland i 1990.

Den første trykte boka på nedersorbisk var Wendisches Gesangbuch 'Vendisk songbok' (Bautzen 1574).

Språksystem

Nedersorbisk har seks kasus, som i desse eintalsformene av substantivet wokno 'vindauge':

Kasus Eksempel
nominativ wokno
akkusativ wokno
dativ woknu
genitiv wokna
instrumental woknom
lokativ woknje

Dei sorbiske språka er dei einaste slaviske språka bortsett frå slovensk som har eit levande skilje mellom eintal, total og fleirtal, som i ruka 'hand', ruce 'to hender' og ruki 'fleire enn to hender'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg