inuitt - språk

Inuittane snakkar inuittiske språk, som i lag med yupik i Alaska og Sibir utgjer den eskimoiske greina av den eskimoisk-aleutiske språkfamilien. Ein reknar med fire inuittiske språk:

  • inupiak i det nordlege Alaska
  • inuvialuktun i det nordvestlege Canada
  • inuktitut i det nordaustlege Canada
  • kalaallisut eller grønlandsk på Grønland

Dei fire inuittiske språka utgjer eit dialektkontinuum – det vil seie at folk som snakkar grannedialektar, som regel forstår kvarandre, medan folk som snakkar dialektar lenger frå kvarandre, ikkje alltid forstår kvarandre.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg