Det finst fleire ulike teoriar for korleis dialektsærdrag oppstår og spreier seg i språksamfunnet. Teoriane kan hjelpa oss til å forstå utviklinga av norske dialektar, og dei er viktige for å forklara dei konkrete endringane som skjer i norsk talemål i dag.

Ytre og indre drivkrefter

Dei ytre drivkreftene bak dialektendringane i dag er å finna i den moderne samfunnsutviklinga og forandringar i normene for språkbruk.

I tillegg til dei ytre drivkreftene bak språkutviklinga, finst det drivkrefter som ligg i sjølve språket. Me snakkar her om indre drivkrefter. I fonologien og i språket generelt finst det innbygde tendensar til endring, og også føringar for kva som er «naturlege» utviklingar. Slike endringar kan oppstå i læringsprosessen, når ein dialekt blir overlevert frå generasjon til generasjon. Å læra eit språk (talemål) frå ein er 2-3 år gammal er ein komplisert prosess. Språket skal lærast i løpet av dei fem første åra i livet utan forkunnskapar og utan systematisk instruksjon. Det er relativt lite i språket som borna får korrigert direkte. Borna prøver å etterlikna språket rundt seg mest mogeleg, og dei prøver å snakka slik dei næraste rundt dei gjer. I denne prosessen kan det oppstå mindre læringsavvik som barnet kanskje tar med seg opp i vaksen alder.

Teoretiske modellar for spreiing av dialektsærdrag

Det finst fleire ulike teoretiske modellar for å få fram korleis nye særdrag i talemålet (ein dialekt) spreier seg i språksamfunnet.

Bølgjemodellen

Eit nytt dialekttrekk kan spreia seg som ringar i vatn.
Eit nytt dialekttrekk kan spreia seg som ringar i vatn.
Lisens: CC BY SA 3.0

Ein kan noko skjematisk seia at dialektgrensene i dag er eit resultat av den språkutviklinga som har skjedd i Noreg frå år 1300 til i dag. Ein måte å sjå denne utviklinga på er å tenkja seg at eit nytt dialekttrekk har oppstått i eit miljø på ein stad og så spreidd seg ved sosial kontakt mellom menneska til ikringliggjande område.

Biletet med ringar i vatn gjer at me her snakkar om ein «bølgjeteori» som grunnlag for spreiing av språktrekk. Der det nye språkdraget oppstår, kan ein snakka om novasjonsområdet, og det området særtrekket slår rot i, blir kalla spreiingsområdet. Det området der fenomenet er mest konsekvent gjennomført, har fått nemninga kjerneområdet.

Som døme på spreiing av eit dialekttrekk etter denne modellen kan nemnast diftongforenklinga innanfor delar av det austnorske målområdet. Det gjeld det dialektområdet i Østerdalen og Sør-Trøndelag der ein seier ben, sten, røk, røs, løs og stør når ein i det meste av landet elles seier bein, stein, røyk, røys, laus og staur. Dette fenomenet med forenkling av diftongane oppstod i Sør-Danmark på 900-talet, og har gradvis breidd seg nordover i Sverige og mot vest innover i austlege strøk av Noreg, og særleg då til Østerdalen og Sør-Trøndelag. Prosessen har teke fleire hundre år.

På liknande vis kan ein ta for seg andre dialektsærdrag, og prøva å setja dei inn i eit slikt ”bølgjeperspektiv”. Eit viktig dialekttrekk som tjukk l har truleg oppstått sentralt i Skandinavia og så spreidd seg ved sosial kontakt mellom menneska så langt vestover som til Langfjella og nordover til nord i Nordland fylke.

Frømodellen

Nokre språkforskarar har prøvd å forbetra bølgjemodellen ved å ta fram eit bilete frå botanikken, av somme fagfolk kalla ”frømodellen”.

Ein tenkjer seg då eit opphavleg einsarta språkområde som ein open åker, der ein på ulike plassar strør ut ymse slags frø (= nydanningar i språket). Når frøa spirer, veks det opp planter, som set nye frø, som spreier seg vidare att. På ulike stader i åkeren hamnar det forskjellige slags frø, og etter kvart blir det ei blanding av dei ulike planteslaga, men også slik at nokre planter (= nokre dialekttrekk) dominerer på ein stad i åkeren.

Fordelen med denne modellen er at alle nydanningane i dialekten ikkje blir borte att, slik bølgjene i vatnet blir det (i bølgjeteorien), men lever vidare og utviklar seg.

Hoppe-mønster

Spreiing av nye språkdrag kan også skje etter eit ”hoppe-mønster”. Det vil seie at eit nytt fenomen kan oppstå i ein by, og derifrå hoppa til andre byar – og så vidare til bygdemåla ikring.

Skarre-r-en (som finst sør og vest i landet) kan ha breidd seg på denne måten. Språkforskarane meiner at skarre-r-en oppstod i Paris på 1600-talet. Frå denne byen hoppa denne r-en til Köln og Berlin, og derifrå til København. Omkring år 1800 hadde denne r‑uttalen nådd Kristiansand og Bergen. Frå desse byane har truleg skarre-r-en hoppa til andre mindre byar, og så breidd seg til bygdene ikring.

Same dialektutvikling fleire stader

Alternativet til å sjå på framveksten av nye dialektsærtrekk som spreiing ved sosial kontakt mellom menneska, eller etter eit hoppe-mønster, er å rekna med at språkendringar oppstår uavhengig av kvarandre på fleire stader, men likt på kvar stad. Som døme på dette kan ein nemna e/a‑målet på Lista og Lindesnes i Vest-Agder og i Troms/Finnmark. På Lista seier dei å synge ei visa, medan det i e/a-målet i Troms heiter å sønge ei visa. I prinsippet er dette heilt like språklege strukturar. Endringar av dette slaget må ha opphav i språket sjølv, i det me har kalla indre drivkrefter i dialektutviklinga.

Vidare lesing

  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2012.
  • Sandøy, Helge: Språkendring, prenta i Mæhlum, Brit mfl.: Språkmøte. Oslo: Cappelen akademisk, 2008.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2005.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, Kristiansand: Portal forlag, 2010.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg