Infinitivsendingar
Infinitivsendingar
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Trøndelags kommuner fra 2020
Nord-Trøndelag fylke

Nord-Trøndelag

Palatalisering
Palatalisering
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Personleg pronomen, 1. person eintall
Personleg pronomen, 1. person eintall
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Namsos ligg nord i Ytre Namdalen. Dialekta her har menge av dei sentrale trekka ein finn i kystmåla her nord i Trøndelag. Ytre Namdalen har i det heile om lag same formene som dei ein finn i Fosen, former som værra, stæLa, ein nævva, ei vækka og så bortetter. Bildet viser Namsos sett i søraustleg retning frå byfjellet.
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Nord-Trøndelag var tidlegare eit fylke i Noreg. Frå 1. januar 2018 vart Sør- og Nord-Trøndelag slått saman til Trøndelag fylke. Det tidlegare Nord-Trøndelag fylke strekte seg frå grensa til Nordland i nord til Leksvik og Stjørdal i sør, ikkje langt frå Trondheim. Den nordlege delen av Nord-Trøndelag er Namdalen.

Austnorsk jamvektsmål med apokope

Alle dei trønderske måla følgjer jamvektsloven, slik det er vanleg i dei austnorske måla. Dialektene i Trøndelag skil seg likevel frå dei andre austnorske dialektene ved at dei norrøne langstavingsorda (overvektsorda) i trøndersk har apokope (vokalbortfall) og ikkje e-ending. Typeeksempel frå trøndersk er såleis overvektsord som å dømm, å kast, å spreng (springa), medan jamvektsorda har former som vårrå eller værra, kåmmå eller kåmma. Tilsvarande system er det også i dei svake hokjønnsorda, der ein har former som ei kist, ei kLåkk, ei kåp (kåpe) på eine sida (overvektsord), og på den andre ei vækka eller ei vukku (jamvektsord). I Namdalen har ein former på -a i jamvektsinfinitivane: å taLa, å kåmma. I Indre Namdalen er ubestemd form eintal av svake substantiv todelte, som elles i trøndersk. Det heiter her: ei vis, men ei vokko (veke). Her i Namdalen ender mange svake hankjønnsord på -i: ein galti, ein harri (hare), men det heiter ein bakka.

Jamning i jamvektsorda

Jamning står for eit fenomen der vokalen i rotstavinga av eit ord har nærma seg eller blitt lik vokalen i endestavinga. Dersom vokalane blir heilt like slik som i varra/vårrå (vera) og vukku/vokko (veke), seier me at me har fått utjamning. Dersom vokalane ikkje har blitt heilt like, er det snakk om tiljamning. På grunnlag av jamninga kan ein dela trøndermåla i to: dei ytre måla, eller vesttrøndersken, som for det meste har tiljamning, og dei indre måla, eller austtrøndersken, som har meir utjamning.

I dei indre nordlege delane av fyket, til dømes i Indre Namdalen, høyrer ein utjamningsformer som å varra, å lassa (lesa), lavva (leva) og ein stagga (stige), ein navva (ein neve) og ei vokko, ei forro. Ei setning som inneheld ein del svake hankjønnsord av jamvektstypen, kan i Indre Namdalen lyda slik: «han tok battan i navvan å skravva oppi staggan» (han tok beten i neven og skreva opp i stigen). Dei austlege og sørlege delane av fylket, frå Røyrvik i nord til og med Orkladalen og Oppland i sør har utjamningsformer som å vårrå, å våttå, å låsså, ein nåvvå (neve) ei vukku (veke), ei furru, og også ei hoLo (hole) og ei hokko. Den nemnde setninga kan her lyda slik: «han tok båttån i nåvvån å skråvvå oppi ståggån».

Fosen, sør i tidlegare Nord-Trøndelag, høyrer til dei ytre måla, og har tiljamningsformer som værra, vætta, stæLa og ein stægga, ein nævva, ei vækka. Setninga vår, ovanfor, vil her lyda slik: «han tok bættan i nævvan å skrævva opp i stæggan». Ytre Namdalen har om om lag same formene som dei ein finn i Fosen, former som værra, stæLa, ein nævva, ei vækka og så bortetter. Heilt nord i Ytre Namdalen kjem formene ei vækkå og ei vækko inn i dialekta.

Lydverk (fonologi)

Diftongforenkling og diftongering

Dei gamle diftongane som ein finn i ord som bein, røyk og bLaut står ved lag i mykje av det trønderske målområdet. Men i ein del av dette målområdet er diftongane blitt forenkla, det gjeld særleg i dalane i Sør-Trøndelag. Her blir bein til ben, røyk til rök, staur til stör (vokalen ö er ein særskild ekstra ø-vokal).

Diftongforenklinga (monoftongeringa) i Sør-Trøndelag går fleire hundreår tilbake i tida. Av langt nyare dato er monoftongeringa i ein del bygder på Innherad, som femner om dei indre delane av Trondheimsfjorden. Monoftongeringa er der vanleg i bygdene frå Frosta til og med Røra og Verran. Her har diftongen ei gått over til ein mellomting mellom e og æ, her skriven ę. Det heiter her bęn, stęn og å ręs (reisa). Diftongen au har blitt til ein open o, her skriven ö: bLöt, stör (staur), lös (laus). Også øy får denne opne ö-uttalen: fLöten (fløyten), rök (røyk). Nokre stader er det slik at denne «nyare» monoftongeringa er gjennomført hos dei unge, men ikkje hos alle dei aller eldste.

Diftongering

I store delar av trøndersk har ein ei «nyare» diftongering av å til åo (nyare i høve til gammalnorsk), med døme som båot (båt), kåoL (kål), åoker (åker). Fleire stader er denne diftongeringa på veg ut. Likevel, i Namdalen, i Lierne og Snåsa er uttalen båot å åora (båt og årer), åoker, småo og bLåo framleis levande hos eldre folk.

Konsonantar

Tjukk l

I heile det tidlegare Nord-Trøndelag fylke er uttalen tjukk l gjennomført både i ord der skriftspråket har l: stoL, æLv, guL og der skriftspråket har rd: boL (bord), gaL (gard), fjoL (fjord).

Palatalisering av dentalar

Palataliseringa av lange dentalar er vanleg i Trøndelag, jamfør døme som vinnj (vind), mannj (mann), hånnj (horn) og så bortetter. Ein hermer etter trønderen som har «ein hannjhonnj i bannj». I Sør-Trøndelag har ein palatalisering både i trykksterk og trykklett staving, jamfør døme på trykklett palatal: gutanj, stuggun, oksinj og visinj. Palatalisering i trykklett staving finst ikkje i Nord-Trøndelag, her heiter det gutan og stuggun utan palatalisering i endinga.

Formverk (morfologi)

Stjørdal

Sjørdal, heilt sør i tidlegare Nord-Trøndelag. Her utsikt frå Skatval over Trondheimsfjorden og mellomalderborga Steinvikholmen. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Substantiv

I trøndersk er det vanleg at substantiva ikkje har r-ending i fleirtal. Sterke og svake hankjønnsord (hest og okse) blir bøygde slik:

  • ein hæst – hest’n – fLeir hesta – allj hestan
  • ein oks/okse/oksi – oksen/in/inj – oksa – allj oksan

Sterke hokjønnsord har denne bøyinga:

  • ei nåL – nåLa – fLeir nåLe/nåLi – allj nåLen/in

Dei svake hokjønnsorda har i ein del av trøndermåla endinga -a i ubestemt form fleirtal: fLeir gryta, fLeir kista. I Nord-Trøndelag finn ein slike former i fosenmåla frå Hitra, Frøya og Agdenes og nordover til Fosnes, og likeins er det også i Røros-målet og i området Frosta til Verdalen, og dessutan i Snåsa og Lierne. I desse nemnde måla vil ein då ha endinga -a både i bestemt form eintal og i ubestemt form fleirtal av dei svake hokjønnsorda, døme: den visa – fLeir visa, den kista – fLeir kista.

I resten av trøndermåla (det vil seia i mesteparten av landsdelen) har ord som ei gryt(e) og ei kist(e) endinga -å eller -o i fleirtal: fLeir grytå/gryto og fLeir kistå/kisto. I desse dialektene har ein såleis tre endingar i ubestemt form fleirtal: fLeir hesta – fLeir nålefLeir grytå. Eit område heilt nord i Ytre Namdalen skil seg ut, her har dei svake hokjønnsorda til vanleg år-ending i fleirtal: fLeir grytår, fLeir kistår.

Personlege pronomen

Pronomenet i første person eintal heiter æ(g) i heile sørlege delen av Nord-Trøndelag, og vidare heilt sør til Trondheim og Orkdal. Nord i Indre Namdalen heiter pronomenet eig, og i Lierne og Snåsa er forma i. Personleg pronomen, første person fleirtal, heiter vi i det meste av Nord-Trøndelag. Lierne og Snåsa har forma me, og det same har Meråker i sør.

I tredje person eintal opptrer hokjønnsforma i to utgåver, ho og hu. Både nord og sør i gamle Nord-Trøndelag kan til dømes substantivet jente omtalast som hu og ho. I eit midtre område frå og med Verdal og Meråker og vest til Leksvik er det forma hu som blir bruka.

Dativbruk

Mykje av gamle Nord-Trøndelag har tradisjonelt hatt levande dativbruk, døme: ho e lik morån sin (ho er lik mor si) (morån = dativ), hann ga hæstom høy (han gav hestane høy) (hæstom = dativ fleirtal). Fosenmåla og måla i Ytre Namdalen har tradisjonelt ikkje hatt dativbruk.

Endinga i dativ fleirtal varierer i trøndermåla. Nokre stader heiter det hann ga hæstom høy, andre stader: hann ga hæståm høy. I ei dialekt med levande dativbruk er det skilnad på å gå oppi fjella (gå inn i eit fjellområde) og å gå oppi fjellom (å gå innafor eit fjellområde). I dag er dativen på retur i dei trønderske bygdene.

Verb

Dei sterke verba har i Nord-Trøndelag kortformer i presens: æg kjæmm, æg søv, æg grev/græv, æg finnj. Partisippet av dei sterke verba endar på -e eller -i: vorre/-i, verre/-i. Når det gjeld dei svake verba, så finn ein til dømes at bøyinga av a-verba og e-verba varierer ein del frå dialekt til dialekt i Trøndelag. I Indre Namdalen heiter det i presens: han kasta balljen og han næmni det itj. Her er det såleis ulike presensformer i a-verba og e-verba. I resten av Nord-Trøndelag har ein samanfallande former i presens av desse verbalklassane: I Ytre Namdalen heiter det i presens kasti og nemni, i Snåsa og Lierne kast og næmn (med apokope). I resten av Nord-Trøndeleg er formene i presens kaste og næmne.

Dialektutvikling

Som i andre dialektar i landet går også dialektene i Trøndelag gjennom ein forenklingsprosess. Noko som har skjedd i Nord-Trøndelag, er at mange fosenformer (ytre trønderformer) har trengt seg inn i dei indre dialektene, særleg i bygdene langs fjorden. Former som vækka, fjæra, tjæra, bætta, maga, haga, staka har trengt ut gamle former som vukku, fjurru, tjurru, båttå, måggå, håggå, ståkkå. Grunnen til dette er sikkert at dei formene orda har fått i dei ytre måla, kjennest meir «normale», dei er meir gangbare i kontakt med folk frå andre stader i landet.

Kasusen dativ blir borte. Eldre folk i Nord-Trøndeleg seier: han gav hestom høy (dativ fleirtal), medan noko yngre folk seier «han gav hestan høy». Eldre seier han e lik morån sin, medan mange i dag seier «han e lik mora si».

Dei unge skil ikkje mellom kje- og sje-lyden. Ordpar som å kjenne og å skjenne lyder då likt, dei seier å skjenne for begge orda. Orda kylling og skylling blir begge uttalt sjylling.

Dei største endringane i trøndermåla og dagens norske dialektar generelt finn me i sjølve ordtilfanget. Ord frå det gamle arbeidslivet, til dømes frå jordbruk og industri, blir borte. Nye ord kjem inn, og oftast dekkjer dei nye orda namn på nye ting og omgrep: pizza, scones, tapas, bagel, harddisk, sørvar (data), display, selfie, iPhone, pønkar, å sagge og så bortetter.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dalen, Arnold og Stemshaug, Ola: Trøndermål. Språkarv og språkforhold i Trøndelag og på Nordmøre. Oslo: Det norske samlaget, 1972.
  • Dalen, Arnold: Trønderdialektane. Trykt i Jenstad, T.E. og Dalen, A.: Trønderordboka, Trondheim: Tapir akademisk forlag, 1997.
  • Dalen, Arnold mfl. (red): Trøndersk språkhistorie. Språkforhold i ein region. Trondheim: Tapir akademisk forlag, 2008.
  • Eide, Kristin Melum mfl.: Fosenmåla. Trondheim: Museumsforlaget. 2017.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2012.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2005.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg