abiotiske faktorar

Danning av botnis i ei elv kan oppstå raskt når overflatevatn blir nedkjølt vinterstid og turbulensen i elva treffer botnsubstratet. Slike abiotiske forhold påverkar organismar som lever i slike elvemiljø, og ungfisk av laks har atferdstilpassingar for å unngå innfrysing.
Elvebotnis
Elvemuslingar er avhengige av gunstige abiotiske forhold i elvar for å trivast, og kan då danne tette bestandar i elvegrusen.

Artikkelstart

Abiotiske faktorar er dei delane av eit økosystem som ikkje er levande organismar. Desse faktorane blir difor òg kalla ikkje-levande faktorar. Abiotisk står i motsetning til biotisk, det som er eller har vore levande.

Faktaboks

Uttale
abiˈotisk
Etymologi
av gresk ‘livløs’

Abiotiske faktorar er kjemiske og fysiske forhold som

Abiotiske faktorar kan delast opp i minst tre typar:

  • Fysiske habitatforhold, for eksempel temperatur, lystilgang, substrat (fast fjell eller lausmassar) eller vassgjennomstrøyming (elv).
  • Kjemiske vilkår, for eksempel pH og oksygen.
  • Ressursar, for eksempel tilgangen på vatn, mengda av næringsstoff som nitrogen og fosfor. Ressursar skil seg frå fysiske vilkår ved at dei blir forbrukte av organismane og blir reduserte dersom mange organismar bruker av dei.

Artsmangfaldet og populasjonsstorleikane i eit økosystem blir i stor grad påverka og avgrensa av dei abiotiske faktorane som finst der. Ulike artar har ulike krav til kva dei treng for å trivast. Abiotiske faktorar kan vere anten klimatiske, geologiske, kjemiske eller fysiske.

Døme på klimatiske faktorar i eit økosystem er nedbørsmengd og temperatur. Vegetasjonen i ein regnskog er avhengig av mykje regn, medan organismar i ein ørken er tilpassa minimalt med nedbør. Polare dyr toler ekstrem kulde, medan tropiske insekt treng høgare temperaturar. Årstider og sesongar er òg avgjerande for kva slags artar som kan overleve i eit økosystem. Vind er ein annan klimatisk faktor.

I tillegg til tilgangen på vatn, verkar kvaliteten på vatnet inn på økosystemet. Oksygeninnhaldet og surleiksgraden (pH) har mykje å seie for kva for organismar som kan trivast. Mange fiskar vil til dømes døy i ei oksygenfattig tjørn, medan anaerobe bakteriar greier seg utan oksygen.

I økosystem på land er jordsmonnet ein viktig abiotisk faktor. Korleis jorda er samansett, surleiksgraden og tilgjengelege mineral og næringsstoff er avgjerande for dei biotiske delane av økosystemet. Landskapet er òg med på å påverke økosystemet. Ei steinur, ei slette og eit kupert terreng dannar gunstige levevilkår for ulike artar, og dessutan kan det påverke abiotiske faktorar som vindforhold og tilgang på vatn og sollys.

Tilgangen på sollys er særleg viktig for fotosyntetiserande organismar som plantar og blågrønalgar.

Dersom éin av dei nødvendige abiotiske faktorane manglar eller ikkje er til stades i tilstrekkeleg omfang, har det avgjerande innverknad på økosystemet sjølv om resten av faktorane er til stades.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg