Unni Boksasp

Faktaboks

Unni Boksasp
Født
2. desember 1972, Tingvoll, Møre og Romsdal
Unni Boksasp. Fotograf: Kjell Bitustøyl, gjengitt med tillatelse.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Unni Boksasp er ein norsk kvedar. Hennar viktigaste læremeister og inspirasjonskjelde er Magnhild Havdal Almhjell (1894–1985) frå TingvollNordmøre. Den fyrste plata hennar kom i 2007, Songar frå Havdal, de ho framførar songar etter Magnhild Almhjell.

Boksasp er utdanna ved folkemusikkstudiet i Rauland og folkemusikkstudiet ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Ho er opphavleg frå Tingvoll på Nordmøre, men har i mange år vore busett i Miland i Tinn kommune i Telemark.

Med utgangspunkt i den nordmørske tradisjonen har Boksasp arbeidd med arrangering og komponering i tillegg til å vera soloutøvar. Ho tok steget over i den verkelege eliteklassa blant norske kvedarar då ho vann vokal klasse A under Landskappleiken i 2010. Året etter, i 2011 under Landskappleiken i Seljord, tok ho sin andre siger.

Boksasp starta i 2006 Unni Boksasp Ensemble, som sidan har hatt skiftande medlemmar. I 2010 vann dei både Spellemannprisen i klassa for folkemusikk/tradisjonsmusikk og Folkelarmprisen i klassa for tradisjonelt samspel med CD-en Keramello, og i 2013 fekk dei Folkelarmprisen for albumet Kvite fuglar. I 2017 ga dei ut plata Opus 72017.

Unni Boksasp Ensemble har spela på dei fleste folkemusikkfestivalane og folkemusikkscenene rundt om i landet, samt på ei rekkje andre festivalar både i Noreg, Sverige, Skottland og Canada. Dei har reist på turnear i fleire land, og i 2018 og 2019 var dei på to store turnear i USA. Ensemblet er ei av svært få folkemusikkgruppar som gjennom ei årrekkje har motteke ensemblestøtte frå Norsk kulturråd.

Boksasp har samarbeidd med ulike komponistar, mellom anna Henning Sommerro, Henrik Ødegaard, Jorun Marie Kvernberg og Anne Hytta. Etter at ho flytta til Telemark har ho hatt Hanne Kjersti Yndestad som læremeister i kveding i telemarkstradisjon. Ho har turnert for Rikskonsertane mellom anna i Møre og Romsdal. Eitt av hennar nyare prosjekt er knytt til visjonsdiktet Draumkvedet, som ho i 2022 skal framføre på konsertar ulike steder rundt om i landet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg